Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.236 (2000-2001)
Innstilling fra kommunalkomiteen om ILOs 88. internasjonale arbeidskonferanse i Genève, 31. mai - 15. juni 2000


oversikt første forrige neste

Sammendrag

Arbeidskonferansen, mai-juni 2000

       Stortingsmeldinga gjeld ILOs 88. internasjonale arbeidskonferanse i Genève, 31. mai - 15. juni 2000 og Noregs stilling til konvensjon nr. 183 om mødrevern i arbeidslivet, som blei vedteken på konferansen.

       Konferansen vedtok ein særskild resolusjon som sterkt fordømmer Myanmar (Burma) for grove brot på dei mest grunnleggjande prinsippa som organisasjonen står for.

       Sudan blei ført opp under ein særskild paragraf for grove brot på konvensjon nr. 29 om tvangsarbeid.

       Kamerun blei ført opp under ein særskild paragraf for grove brot på konvensjon nr. 87 om foreiningsfridom og vern av organisasjonsretten.

       Venezuela vart òg kritisert for grove brot på konvensjon nr. 87.

       Konferansen vedtok også ein særskild resolusjon om HIV/AIDS og arbeidslivet.

       Det blei vidare vedteke særskilde konklusjonar om utvikling av menneskelege ressursar, opplæring og utvikling.

       Konferansen behandla eit utkast til ein ny konvensjon og ei tilråding om tryggleik og helse i jordbruket for første gong. Dei skal behandlast ferdig på ILOs arbeidskonferanse i juni 2001.

Framlegging for Stortinget av vedtak gjort på Arbeidskonferansen i juni 2000

       Til spørsmålet om norsk ratifikasjon av konvensjon nr. 183 og rekommandasjon nr. 191 om mødrevern i arbeidslivet er det i meldinga gjeve att fråsegner frå: Sosial- og helsedepartementet, Direktoratet for arbeidstilsynet, Barne- og familiedepartementet, Nærings- og handelsdepartementet, Næringslivets Hovedorganisasjon, Norsk Sjømannsforbund, Norsk arbeidsgiverforening med offentlig tilknytning, Kommunenes Sentralforbund, Landsorganisasjonen i Noreg og Norges Rederiforbund.

       Dessutan har spørsmålet vore drøfta i Den norske ILO-komiteen som har gjeve følgjande fråsegn:

       « Møtet konkluderte med å tilrå at Norge ikke kan ratifisere konvensjonen nå. Det er nødvendig å arbeide videre med flere av spørsmålene før en eventuelt kan foreslå ratifikasjon av konvensjonen. Bl.a. vil det være nødvendig å få avklart nærmere enkelte artikler med Arbeidsbyrået i Genève. Møtet var av den oppfatning at det er naturlig å drøfte saken på nytt etter at de nødvendige avklaringer er blitt foretatt. »

       Arbeids- og administrasjonsdepartementet meiner at Noreg ikkje bør ratifisere eller tiltre rekommandasjonen no. Departementet er vidare av den meining at det er naudsynt med ei nærmare avklaring av nokre av reglane i konvensjonen sett i høve til norsk lovgiving og praksis, før Regjeringa eventuelt gjer framlegg om ratifikasjon av konvensjonen. Dette gjeld mellom anna artiklane nr. 8 (vern av ansettelsesforhold og ikke-diskriminering) og nr. 10 (ammende mødre).

       Departementet finn det naturleg at saka blir lagd fram for Stortinget på nytt etter at desse spørsmåla har blitt avklara.



oversikt første neste


Sist oppdatert 9. juni 2006 av Stortingets administrasjon