Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.244 (2000-2001)
Innstilling fra finanskomiteen om statsrekneskapen medrekna folketrygda for 2000


oversikt første forrige neste

Sammendrag

       Meldinga omfattar statsrekneskapen medrekna folketrygda, rekneskapen for Svalbard, statsgarantiar, tilsegns- og tingingsfullmakter, oppgåve over aksjar og informasjon om rekneskapa for dei offentlege fonda.

       Dei samla inntektene i statsrekneskapen for 2000 var 643,6 mrd. kroner medan utgiftene var på 490,2 mrd. kroner. Statsbudsjettet sine netto inntekter frå petroleumsverksemda var på 161,4 mrd. kroner. Statsrekneskapen syner dermed eit oljekorrigert underskot på 7,9 mrd. kroner. Det vart i samband med nysalderinga av budsjettet for 2000 vedteke at 9,5 mrd. kroner av petroleumsinntektene skulle inntektsførast på statsbudsjettet. Statsrekneskapen vert dermed gjort opp med eit overskot på 1,5 mrd. kroner. Den attverande delen av petroleumsinntektene på 151,9 mrd. kroner vart avsett i Statens petroleumsfond.

       I meldinga vert det òg gjort greie for inntektene og utgiftene til Statens petroleumsfond. Forutan overføringa frå statsrekneskapen viser rekneskapen for fondet 10,9 mrd. kroner i renteinntekter og utbyte. Statens petroleumsfond viser dermed eit samla overskot på 162,8 mrd. kroner for 2000. Ved utgangen av 2000 var kapitalen i fondet 386,6 mrd. kroner.

       Samla sett vert statsrekneskapen og Statens petroleumsfond gjort opp med eit overskot på 164,4 mrd. kroner.

       Tabell 1.1 i meldinga gjev oversyn over inntekter og utgifter utanom lånetransaksjonar på statsbudsjettet og Statens petroleumsfond for 1999 og 2000.

       Samla overskot i statsbudsjettet og Statens petroleumsfond auka med 124,5 mrd. kroner frå 1999 til 2000. Statsbudsjettet sitt overskot er redusert med 4,9 mrd. kroner. Statens petroleumsfond sitt overskot auka med 129,4 mrd. kroner. Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda auka med 116,7 mrd. kroner. Overføringar frå Statens petroleumsfond til statsbudsjettet vart redusert med 9,0 mrd. kroner. Statens petroleumsfond sine renteinntekter og utbyte auka med 3,6 mrd. kroner.

       Tabell 1.3 i meldinga gjev eit samla oversyn over inntektene, utgiftene og overskotet på statsbudsjettet, statsrekneskapen og Statens petroleumsfond for 2000, medan tabell 1.4 viser utviklinga i finansieringsbehovet til statskassa.

       I 2000 har inntektsløyvingane utan lånetransaksjonar auka med 96,4 mrd. kroner frå 544,8 mrd. kroner i saldert budsjett til 641,1 mrd. kroner i nysaldert budsjett. Utgiftsløyvingane utan lånetransaksjonar vart auka med 16,6 mrd. kroner frå 472,9 mrd. i saldert budsjett til 489,6 mrd. kroner ved nysaldering av budsjettet.

       Nysaldert budsjett viste eit oljekorrigert underskot som er 2,8 mrd. kroner lågare enn i det opprinneleg vedtekne budsjettet. I 2000 auka inntektene samla sett med 17,5 mrd. kroner utanom inntekter frå petroleumsverksemda og lån. Av dette er 17,2 mrd. kroner auka skatte- og avgiftsinntekter. Utsetting av salet av aksjar i DnB til 2001 gav reduserte inntekter på 3,2 mrd. kroner, medan renteinntektene og utbyte sidan saldert budsjett auka med 2,4 mrd. kroner. Resterande inntekter har auka netto med 1,1 mrd. kroner. Nysaldert budsjett viste auka løyvingar med netto 14,7 mrd. kroner (ekskl. utgifter til petroleumsverksemda og lånetransaksjonar) frå saldert budsjett. 6,7 mrd. kroner av dei auka utgiftene kjem av ei gjeldssanering for NSB Gardermobanen AS.

       Oljeinntektene gjekk opp med 78,8 mrd. kroner og oljeutgiftene auka med 2,9 mrd. kroner, slik at netto inntekter frå oljeverksemda vart 75,9 mrd. kroner høgare enn i saldert budsjett. Overføringar frå Statens petroleumsfond til statsbudsjettet vart redusert med 3,8 mill. kroner. Anslaget for renteinntekter og utbyte i Statens petroleumsfond vart auka med 3,6 mrd. kroner. Samla sett innebar dette ei betring i budsjettbalansen på 83,4 mrd. kroner.

       I 2000 vart det løyvd midlar til kjøp av pasientbehandling i utlandet og til byggjing av forskingsfartøy. Utgiftene vart forventa først brukt seinare år. Dette vart det teke omsyn til i anslag på rekneskap i nysaldert budsjett. Anslag på rekneskap frå nysaldert budsjett hadde derfor 1 mrd. kroner lågare utgifter enn nysaldert budsjett. I løyvinga for overføring frå Statens petroleumsfond til statsbudsjettet ved nysalderinga av statsbudsjettet vart det teke omsyn til denne mindreutgifta ved at overføringa frå fondet til statsbudsjettet vart redusert med 1 mrd. kroner. Nysaldert budsjett vart derfor gjort opp med eit underskot på 1 mrd. kroner.

       Ei samla oversikt over løyvingsendringane gjennom 2000 er gjeve i St.prp. nr. 32 (2000-2001) Ny saldering av statsbudsjettet medregnet folketrygden 2000.

       Det er i avsnitt 1.4 i meldinga gitt oversyn over hovudtala i statsrekneskapen for 2000 samanlikna med anslag på rekneskap ved nysalderinga av budsjettet.

       I kapittel 2 i meldinga er det gjeve oversyn over eit utval av inntekter og utgifter og i kapittel 3 er det omtale av særskilde satsingsområde i 2000-budsjettet.

       I kapittel 4 er det gjort greie for utgiftene under folketrygda for 2000.

       Finanspartar og kapitalrekneskapen er tema for kapittel 5. I kapittel 6 er det gjort greie for rekneskapen til Statens petroleumsfond.



oversikt første neste


Sist oppdatert 9. juni 2006 av Stortingets administrasjon