|
Komiteen syner til at departementet gjennom fleire år har satsa mykje på å betre læremiddelsituasjonen for blinde og svaksynte elevar, men at det står att nokre utfordringar før dette området er tilfredsstillande løyst.
Komiteen syner til brev frå
departementet, dagsett 15. mai 2001, der det blir opplyst at Læringssenteret
leiar arbeidet med å utvikle læreplanar for blinde og sterkt svaksynte
elevar. Som følgje av desse opplysningane vil planen bli sendt på høyring
innan stutt tid.
Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke Sosialistisk Venstreparti, viser til at læremiddelsituasjonen for blinde og svaksynte elevar lenge har vore vanskeleg. Det har skjedd år etter år at elevar ikkje får dei lærebøkene dei treng ved skulestart. Det er her snakk om ei svært lita gruppe elevar, men for dei det gjeld skaper mangelen på læremiddel store problem. Fleirtalet meiner at problema gjer det svært vanskeleg å realisere retten til likeverdig opplæring for denne elevgruppa. Fleirtalet syner til at saka har vore teke opp fleire gonger dei siste åra utan at problema er blitt løyste. I Ot.prp.nr.44 (1999-2000) vert det m.a. sagt at
| « ... Som følgje av dei tiltaka det er gjort greie for, ligg det som ein klar intensjon at det statlege støttesystemet i stor monn skal medverke med faglege vurderingar når det gjeld val av lærebøker, og at alle lærebøker som er bestilte til punktskriftbrukarar for skoleåret 2001-2002 skal vere tilgjengelege ved skolestart. » |
Fleirtalet syner også til at statsråd Trond Giske i svar på skriftleg spørsmål nr. 456 (1999-2000) frå Høgre m.a. seier at
| « ... Jeg har bedt Læringssenteret og Statlig spesialpedagogisk støttesystem følge opp Ot.prp.nr.44 (1999-2000) og Innst.O.nr.89 (1999-2000) i sine planer og sørge for læremidler til punktskriftbrukere i rett tid. » |
Fleirtalet konstaterer at situasjonen nesten eitt år seinare enno ikkje er avklara og at departementet i brev til komiteen dagsett 15. mai 2001, ikkje er klare nok med omsyn til det som vart lovt i Ot.prp.nr.44 (1999-2000) om at « alle lærebøker som er bestilte til punktskriftbrukarar for skoleåret 2001-2002 skal vere tilgjengelege ved skolestart ». Fleirtalet vil også understreke at Dok.nr.8:107 (2000-2001) gjeld læremiddel for blinde og svaksynte generelt og ikkje berre punktskriftbøker.
Med bakgrunn i den mangelfulle
framdrifta i arbeidet gjer fleirtalet følgjande framlegg til vedtak:
« Stortinget ber Regjeringa snarast
mogleg treffe tiltak som fører til at læremiddelsituasjonen for blinde og
svaksynte elevar er fullt ut tilfredsstillande frå og med skulestart hausten
2001. »
Komiteens medlemmer fra
Fremskrittspartiet viser til at Fremskrittspartiet tok opp denne
problemstilling allerede høsten 1999. Det vises her til Dok.nr.15
(1999-2000), spørsmål 50 fra stortingsrepresentant Ulf Erik Knudsen til
kirke-, utdannings- og forskningsministeren. I dette spørsmålet tas
problemet opp med at de nødvendige bøker ikke er tilgjengelig for blinde og
svaksynte ved skolestart. Disse medlemmer finner situasjonen fortsatt
uholdbar, og mener at innsatsen på dette området må styrkes.
Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti viser til at målet er minst en lærebok i punktskrift i hvert fag og på hvert trinn. Dette medlem er kjent med at dette målet klarer produsentene av lærebøker å oppfylle på en tilfredsstillende måte.
Dette har som konsekvens at ikke alle
blinde og svaksynte elever får samme lærebok som resten av klassen bruker.
Dette medlem erkjenner at flere lærebøker i samme klasse kan være et
pedagogisk problem. Det uheldige er at det er elever som i utgangspunktet
stiller svakest som har bøker som ikke resten av klassen bruker. Antall
alternative lærebøker i de ulike fag varierer. Dette medlem mener at
valgtilbudet for bøker i punktskrift må økes. Dette medlem erkjenner at
ikke alle lærebøker kan oversettes til punktskrift. Dette medlem mener
likevel at det som hovedregel bør være valgmuligheter. Dette medlem mener
derfor at minst to alternative bøker i hvert fag og på alle trinn skal være
tilgjengelige i punktskrift. Et slik mål krever økte ressurser både til
lærebokproduksjon og ikke minst til kapasitet når det gjelder oversettelse.
Dette medlem fremmer følgende forslag til vedtak:
« Stortinget ber Regjeringen i forbindelse med statsbudsjettet for 2002 å fremme forslag om økte resurser slik at en kan nå målet om at det i gjennomsnitt skal være to alternative lærebøker i punktskrift for hvert fag. »