Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.299 (2000-2001)
Innstilling frå sosialkomiteen om trygdeoppgjeret 2001


oversikt første forrige neste

Samandrag

       Det blir i proposisjonen fremja forslag om regulering av grunnbeløpet i folketrygda og om auka løyvingar på statsbudsjettet for 2001 som følgje av dette.

       Det blir gjort greie for drøftingane mellom staten, Norsk Pensjonistforbund, Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon og Landsorganisasjonen i Noreg. Drøftingsmøta om regulering av grunnbeløpet blei haldne 3. og 4. mai 2001.

       Under drøftingane la organisasjonane fram eit felles krav om justering av grunnbeløpet på i alt 5,35 % frå 1. mai 2001. Organisasjonane kravde òg at partane skulle bli samde om ein opptrappingsplan for grunnbeløpet for å kompensere for tidlegare underregulering. For å nå målet om 2/3 pensjon i 2007 kravde organisasjonane at grunnbeløpet blir auka med 2,5 % på pensjonsprosenten pr. år i tillegg til den årlege reguleringa.

       Gjennom drøftingane vart staten og organisasjonane samde om at grunnbeløpet blir auka med kr 2.270 med verking frå 1. mai 2001. Som en følgje av dette forslaget vil pensjonen for dei einslege minstepensjonistane auke med kr 4.068 i året. For eit minstepensjonistektepar blir auken i pensjonen kr 7.008 pr. år. Meirutgiftene for 2001 av auken i grunnbeløpet blir om lag 3.868 mill. kroner, inkludert reguleringa av statspensjonane pr. 1. mai 2001.

       Tabellen nedanfor viser utviklinga i minstepensjonane og pensjonane for unge uføre frå 1. januar 1990 etter forslaget til pensjonsregulering.

Utvikling av minstepensjonane og pensjonane for unge uføre i perioden 1. januar 1990-30. april 2002. Kroner.

  Minstepensjon       Unge uføre fødde før 1941
  Einslege   Ektepar  
  Pr år Pr mnd Pr år Pr mnd Pr år Pr mnd
1.01.90-30.04.90 51.839 4.320 83.972 6.998 56.748 4.729
1.05.90-30.11.90 54.220 4.518 87.960 7.330 58.980 4.915
1.12.90-30.04.91 54.378 4.532 88.217 7.351 65.2901 5.4411
1.05.91-30.04.92 56.978 4.748 92.158 7.680 75.6882 6.3072
1.05.92-30.04.93 58.583 4.882 94.752 7.896 85.7753 7.1483
1.05.93-31.12.93 59.868 4.989 96.816 8.068 87.6484 7.3044
1.01.94-30.04.94 59.868 4.989 101.0885 8.4245 87.6484 7.3044
1.05.94-31.12.94 61.116 5.093 103.200 8.600 89.4844 7.4574
1.01.95-30.04.956 61.512 5.126 103.992 8.666 89.4844 7.4574
1.05.95-30.04.96 63.372 5.281 107.136 8.928 92.184 7.682
1.05.96-30.04.97 66.240 5.520 111.984 9.332 96.360 8.030
1.05.97-30.04.987 69.360 5.780 117.456 9.788 105.672 8.8018
1.05.98-30.04.999 81.360 6.780 140.040 11.670 112.752 9.396
1.05.99-30.04.00 84.204 7.017 144.912 12.076 116.676 9.723
1.05.00-30.04.01 88.032 7.336 151.512 12.626 121.992 10.166
1.05.00-30.04.0210 92.100 7.675 15 8520 13.210 127.632 10.636
1Frå 1. januar 1991.
2Frå 1 januar 1992.
3Frå 1. januar 1993 (Pga. hevinga av aldersgrensa).
4Fødde før 1943 (1. januar 1926-31. desember 1942).
5Heving av sats for særtillegget for ektepar frå 1. januar 1994. Ny sats 2x60,5 % av grunnbeløpet, dvs. dobbelt av ordinær sats og ny minstesats.
6Heving av særtilleggssatsen frå 1. januar 1995. Ordinær sats utgjorde 61,55 % av grunnbeløpet.
7Heving av særtilleggssatsen frå 1. mai 1997. Ordinær sats utgjer 63,2 % av grunnbeløpet (minstesats 57,5 %).
8Auking av garantert poengtall frå 3 til 3,3.
9Heving av særtilleggssatsen frå 1. mai 1998. Ordinær sats utgjer 79,33 % av grunnbeløpet, medan minstesats utgjer 74 % av grunnbeløpet.
10Med atterhald om vedtak i Stortinget.

Kjelde: Rikstrygdeverket

       Frå 1999 til 2000 auka grunnbeløpet og tilleggspensjonane og minstepensjonen for einslege og for ektepar med 4,2 %. Ifølgje Det tekniske berekningsutvalet for inntektsoppgjera var lønsveksten frå 1999 til 2000 på om lag 4,5 % for alle grupper under eitt.

       I Revidert nasjonalbudsjett 2001 er det lagt til grunn ein gjennomsnittleg vekst i løningane frå 2000 til 2001 på om lag 4,5 % for alle grupper under eitt og ein prisvekst på om lag 3 %.

       Årsgjennomsnittet for grunnbeløpet og tilleggspensjonane i folketrygda vil som følgje av reguleringane i fjor og i år auke med 4,6 % frå 2000 til 2001. Minstepensjonen vil auke med kr 4.068 til kr 92.100 for einslege og med kr 7.008 til kr 158.520 for ektepar pr. 1. mai 2001.

       Det blir i proposisjonen gjort greie for dei særlege skattereglane for pensjonistar som i 2001 i hovudsak er ei vidareføring av skattereglane frå 1992.

       Reguleringa har òg konsekvensar for krigspensjoneringa, og for 2001 blir det rekna med meirutgifter på 9 mill. kroner for krigspensjoneringa for militærpersonar og på 22 mill. kroner for krigspensjoneringa for heimestyrkepersonell og sivilpersonar. Krigspensjon blir samordna med pensjonar frå folketrygda. Det blir gjort framlegg om at løyvinga under kap. 660 Krigspensjonering aukar med 31 mill. kroner.

       På bakgrunn av at avtalefesta pensjon og pensjonstrygda for sjømenn skal regulerast i høve til ytingane frå folketrygda, blir det gjort framlegg om at statstilskottet til avtalefesta pensjon (kap. 666) aukar med 15 mill. kroner, og at løyvinga til pensjonstrygda for sjømenn (kap. 664) aukar med 6 mill. kroner.

       Det blir rekna med at det er eit meirbehov under attføringspengar på 147 mill. kroner grunna auken i grunnbeløpet. Det blir derfor foreslått at løyvinga for 2001 under kap. 2543 Ytingar til yrkesretta attføring post 70 Attføringspengar aukar med 147 mill. kroner.

       Det blir i proposisjonen gjort greie for endringar i den sjablongutrekna levekostnadsfaktoren som blir nytta ved utrekning av attføringsstønad. Endra grunnbeløp og justering av levekostnadsfaktoren reknar ein med isolert sett vil medføre eit meirbehov på om lag 11 mill. kroner under løyvinga for attføringsstønad i 2001. På bakgrunn av dette blir løyvinga for 2001 under kap. 2543 Ytingar til yrkesretta attføring post 71 Attføringsstønad foreslått auka med 11 mill. kroner.



oversikt første neste


Sist oppdatert 9. juni 2006 av Stortingets administrasjon