|
Det blir i dokumentet fremja følgjande
forslag:
| «1. | Stortinget ber Regjeringa vurdera regelendring, eventuelt iverksetja forsøk som inneber at folketrygda dekkjer meirkostnader til spesialtilpassa treningsutstyr til funksjonshemma over 18 år. |
| 2. | Stortinget
ber vidare Regjeringa iverksetja forsøk med utlån av visse typar sportsutstyr
til funksjonshemma.» |
Som bakgrunn for forslaget peiker forslagsstillarane på at funksjonshemma som driv aktiv trening, kan ha bruk for spesialtilpassa utstyr, og at det for å fungera oftast må tilpassast den einskilde. Det blir uttala at meirkostnadene for mange kan vera så store i forhold til inntektene, at dei ikkje ser seg høve til det og dermed må velja eit meir passivt tilvære.
Forslagsstillarane ynskjer å retta søkelyset på tiltak som kan medverka til at fleire funksjonshemma har høve til eit aktivt liv. Dei meiner det er god og rett investering å medverka til at fleire har høve til fritidsaktivitetar og legg vekt på den stimulans dette også kan vera til tilknytning til arbeidslivet.