|
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Rolf Erling Andersen. Bjarne Håkon Hanssen, Britt Hildeng og Asmund Kristoffersen, frå Høgre, Beate Heieren Hundhammer, Bent Høie og Elisabeth Røbekk Nørve, frå Framstegspartiet, leiaren John I Alvheim og Harald T Nesvik, frå Sosialistisk Venstreparti, Olav Gunnar Ballo og Sigbjørn Molvik, frå Kristeleg Folkeparti, Åse Gunhild Woie Duesund og Magne Aarøen, og frå Senterpartiet, Ola D Gløtvold, syner til at helseberedskapen har vore gjenstand for løpande vurderingar dei siste åra. Komiteen er samd i at hendingane i USA 11. september i år har aktualisert trongen for å skunde fram styrking av beredskapen mot ABC-våpen.
Komiteen har merka seg at beredskapen mot ABC-våpen omfattar eit sett av hovudtiltak. Komiteen slutter seg til at det er behov for strakstiltak innanfor helsesektoren når det gjeld deteksjon, vern av innsatspersonell, rensing av ureina pasientar og legemidlar til behandling.
Komiteen vil syne til at strakstiltaka tek utgangspunkt i dei utgreiingar og vurderingar som er gjort av den helsemessige beredskap mot ABC-våpen dei seinare åra. Komiteen har merka seg at tiltaka vil omfatte innkjøp og fordeling av utstyr, materiell og legemidlar og kompetansefremjande tiltak for innsatspersonell som skal nytte utstyret.
Komiteen slutter seg til at desse tiltaka kan iverksetjast straks.