Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.50 (2001-2002)
Innstilling frå samferdselskomiteen om endring av løyvingar mv. for 2001 på Samferdselsdepartementet sitt område


oversikt første forrige neste

4. Programkategori 21.60 Samferdselsberedskap

4.1 Samandrag

Kap. 1360 Samferdselsberedskap

Post 1 Driftsutgifter

       Samferdselsdepartementet gjer i proposisjon framlegg om å redusere kap. 1360 samferdselsberedskap, post 1 Driftsutgifter, med 2 mill. kroner mot tilsvarande auke av kap. 1380 Post- og teletilsynet, post 1 Driftsutgifter, på grunn av at Post- og teletilsynet skal ha eit særskild ansvar for teletryggleik og teleberedskap.

       Med bakgrunn i St.meld. nr. 47 (2000-2001) Telesikkerhet og -beredskap i et telemarked med fri konkurranse, jf Innst.S.nr.329 (2000-2001), skal Post- og teletilsynet vere ansvarleg styresmakt for teletryggleik og -beredskap. Etableringa vil i alt koste om lag 3,2 mill. kroner, av dette 2 mill. kroner i 2001.

4.2 Merknader frå komiteen

       Komiteen har ingen merknader.



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon