|
I samsvar med § 75 bokstav i) i Grunnlova legg departementet med dette fram for Stortinget ei liste over dei pensjonane som gjeld mellombels, og som ikkje blei reviderte av det førre Stortinget.
Heile summen av pensjonar som blei utbetalt i 2001 var på kr 16.478.065. Det er løyvd kr 26.156.000 på kap. 1541 post 1 Pensjonar frå statskassa, på statsbudsjettet for 2002.
For enkjer/enkjemenn gjeld pensjonen så lenge dei er ugifte.
Departementet nemner ei sak særskilt:
| « Arbeids- og administrasjonsdepartementet tilrår at Prinsesse Astrid, fru Ferner blir gitt ein pensjon frå fylte 70 år. » |