Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.181 (2001-2002)
Innstilling frå næringskomiteen om forslag fra stortingsrepresentantene Åsa Elvik, Bendiks H Arnesen og Hill-Marta Solberg om gjenopprettelse av tipstelefon for miljø-kriminalitet og økonomisk svindel i fiskenæringa


oversikt første forrige neste

Merknader frå komiteen

       Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, leiaren Olav Akselsen, Bendiks H Arnesen, Grethe Fossli og Aud Gaundal, frå Høgre, Silja Ekeland, Ivar Kristiansen og Michael Momyr, frå Framstegspartiet, Øystein Hedstrøm og Lodve Solholm, frå Sosialistisk Venstreparti, Åsa Elvik og Inge Ryan, frå Kristeleg Folkeparti, Olaf Gjedrem og May-Helen Molvær Grimstad, og frå Senterpartiet, Marit Arnstad, viser til Dok.nr.8:80 (2001-2002), forslag frå stortingsrepresentantane Åsa Elvik, Bendiks H Arnesen og Hill-Marta Solberg om gjenopprettelse av tipstelefon for miljøkriminalitet og økonomisk svindel i fiskenæringa, og til Fiskeridepartementet sine kommentarer til forslaget i brev av 5. april 2002 (brevet er lagt med innstillinga).

       Komiteen viser til at tilgangen til ressursene i havet er eit felles, avgrensa gode og at økonomisk kriminalitet og miljøkriminalitet i fiskerinæringa undergraver vesentlege interesser for samfunnet og næringa. Det er derfor viktig at det vert sett inn tiltak for å styrkje ressurskontrollen.

       Komiteen viser til at fiskeriforvaltninga er komplisert og tidvis uoversiktleg for yrkesutøvarane. Komiteen meiner derfor at styresmaktene stadig må vere merksame på dei signala som kjem frå næringa i forhold til korleis regelverket fungerer i praksis. Komiteen legg vekt på at den enkelte yrkesutøvar, spesielt reiarar og skippere, har ansvar for at lover og reglar blir fulgt, men styresmaktene må ta ansvar for at desse reguleringane er hensiktsmessig og i tråd med måla for fiskeripolitikken.

       Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, meiner det var feil av fiskeriministeren å leggje ned den såkalt fiskefusktelefonen knapt eit halvår etter at han var oppretta. Ressurssituasjonen for enkelte av dei artane Norge har ansvar for å forvalte, er så alvorleg, at undergraving av forvaltningsregimet ikkje kan tolererast. Tips om lovbrott har vist seg nyttige for at styresmaktene skal kunne slå ned på åtferd som har til hensikt å oppnå kortsiktig økonomisk forteneste i strid med gjeldande reguleringar.

       Fleirtalet tar til etterretning at Regjeringa har oppretta ein generell tipstelefon for økonomisk kriminalitet under Økokrim. Fleirtalet følgjer ikkje logikken i at ein tipstelefon under Fiskeridirektoratet skal vere « basert på angiveri », medan ein telefon under Økokrim er eit « tiltak mot økonomisk kriminalitet » som det har vore hevda i debatten.

       Fleirtalet ser det som lite hensiktsmessig å skulle gjenopprette ein eigen telefon for fiskerinæringa etter at ein felles tipstelefon er oppretta under Økokrim. Fleirtalet meiner det i utgangspunktet var uklokt å leggje ned fiskefusktelefonen, men ser fornuften i at den nye telefonen får fungere ei tid, før ein kan evaluere effekten av den. Fleirtalet ber derfor Regjeringa komme tilbake til Stortinget med ei eiga sak med vurdering av Økokrims tipstelefon sett i forhold til den såkalte fiskefusktelefonen.

       Fleirtalet legg ut frå dette fram følgjande forslag:

       « Stortinget ber Regjeringa leggje fram ei sak der ein gjennomgår erfaringane frå både den såkalte fiskefusktelefonen og Økokrims tipstelefon for økonomisk kriminalitet og miljøkriminalitet. »

       Medlemene frå Høgre, Fremskrittspartiet og Kristeleg Folkeparti har merka seg at det ved ØKOKRIM allereie er etablert ein generell tipstelefon for økonomisk kriminalitet og miljøkriminalitet, og at ordninga var operativ frå slutten av februar 2002. Ein slik generell tipstelefon vil etter desse medlemene si oppfatning vere et viktig bidrag i kampen mot økonomisk kriminalitet, også for saker som gjeld fiskerinæringa. Desse medlemene seier seg nøgd med at tipsordninga ved ØKOKRIM no er etablert og vil understreke viktigheita av at ordninga vert allment kjent. Desse medlemene har merka seg at ordninga vil verte evaluert etter ei tid.

       Desse medlemene har vidare merka seg at tips som gjeld fiskerinæringa som kjem inn til ØKOKRIMs tipstelefon blir overført ubehandla til Fiskeridirektoratet, som har kompetansen til å vurdere tipsa nærare. Etter det desse medlemene ser er intensjonen med Dok.nr.8:80 (2001-2002) allereie oppnådd gjennom den ordninga Regjeringa no har innført.



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon