Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.182 (2001-2002)
Innstilling frå sosialkomiteen om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om endring av protokoll 31 i EØS-avtala om deltaking for EFTA/EØS-statane i EU-programmet for Det europeiske året for funksjonshemma 2003


oversikt første forrige neste

Samandrag

       Avgjerda til EU om å skipe Det europeiske året for funksjonshemma 2003 vart teken 3. desember 2001 gjennom rådsavgjerd 2001/903/EF . Avgjerda omfattar markering av året i 2003 og samarbeid om førebuingar i 2002 og er meint å skulle støtte opp om verkemiddel som alt finst på området.

       Det er opna for at EFTA/EØS-statane kan ta del i programmet. Slik deltaking har som føresetnad at protokoll 31 artikkel 5 i EØS-avtala vert endra. Ettersom norsk deltaking i programmet inneber utgifter av ein viss storleik over to år, er det naudsynt med samtykke frå Stortinget til deltaking i avgjerda i EØS-komiteen i medhald av § 26 andre leddet i Grunnlova. Med sikte på at Noreg skal kunne ta del i programmet så snøgt som råd, vert det lagt opp til at Stortinget gjev sitt samtykke før det er teke avgjerd i EØS-komiteen.

       I initiativet frå Kommisjonen overfor Rådet om eit europeisk år for funksjonshemma 2003 vert det peikt på at lovgjeving i seg sjølv ikkje er tilstrekkeleg når det gjeld kamp mot diskriminering, og når det gjeld å nå målet om full integrering. Det er avgjerande med langsiktig handling på grunnlag av brei oppslutning. Kvar einskild stat har her eit ansvar, men EU ønskjer å gje både impulsar og ei ramme som kan fremje medvitet om dei rettane funksjonshemma har som borgarar, og som kan føre til at barrierar vert fjerna, både sosialt og i dei fysiske omgjevnadene.

       Det vert i proposisjonen gjort greie for føremålet med Det europeiske året for funksjonshemma 2003 og for einskilde tiltak.

       Programmet har som føresetnad at det vert skipa ein nasjonal komité for å sikre deltaking og samordning på nasjonalt plan. Sosialdepartementet vil oppnemne denne komiteen i samråd med andre departement.

       Programmet har eit samla budsjettoverslag på 12 mill. euro, fordelt på 4 mill. euro i førebuingsåret 2002 og 8 mill. euro i gjennomføringsåret 2003. Utgifter til norsk kontingent vil utgjere i alt om lag 2 mill. kroner, fordelt på 640.000 kroner i 2002 og om lag 1,3 mill. kroner i 2003. Desse utgiftene vil verte dekte over budsjettet til Sosialdepartementet, kap. 675 post 70.

       Det blir uttala at deltakinga ikkje gjer det naudsynt med lov- eller forskriftsendringar, og at den ikkje vil ha større administrative konsekvensar.

       Det vert synt til at Noreg tidlegare har teke del i EU-samarbeidet for funksjonshemma gjennom HELIOS-programmet, og sidan har teke del med observatørstatus i Kommisjonen si rådgjevande embetsmannsgruppe for politikk for funksjonshemma.

       Det blir uttala at norsk deltaking i programmet vil vere viktig for at Noreg framleis kan ta del i samarbeidet i EU og EFTA/EØS på dette feltet, og at det vil kunne gje drahjelp i den nasjonale informasjonsinnsatsen.



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon