|
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sigrun Eng, Bjørgulv Froyn, Oddbjørg Ausdal Starrfelt og Tor-Arne Strøm, frå Høgre, Anne Berit Andersen, Sverre J Hoddevik, Hans R Kjæstad og leiaren Petter Løvik, frå Framstegspartiet, Thore Aksel Nistad og Kenneth Svendsen, frå Sosialistisk Venstreparti, Geir-Ketil Hansen og Heidi Sørensen, frå Kristeleg Folkeparti, Odd Holten og Jan Sahl og frå Senterpartiet, Jorunn Ringstad, er kjend med den store og viktige innsatsen organisasjonar som tilhøyrer « Frivillige redningsfaglige forum » står for ved deltaking i redningsaksjonar. Desse organisasjonane sin innsats er heilt avgjerande for beredskap og redningsarbeid anten det er i periodar med stor utfart, eller det er i enkeltaksjonar på sjøen eller fjellet.
Komiteen er vidare kjend med at desse
organisasjonane brukar mykje tid og stor innsats for å skaffe midlar til
drifta av organisasjonane. Utgiftene til utstyr og deltaking i
redningsaksjonar er store. Sambandsutstyr er heilt avgjerande for den
verdfulle innsatsen dei frivillige organisasjonane yter. I dag betalar
desse organisasjonane nær halvparten av tilskotet dei får over
Justisdepartementet sitt budsjett i gebyr til Post- og teletilsynet. Fritak
frå konsesjonsavgifta for bruk av sambandsutstyr ville ha betra
organisasjonane sin økonomi.
Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, finn likevel ikkje at det er rett å frita dei ideelle organisasjonane for avgift, når dette vil innebere at andre brukarar må betale høgare avgift enn dei utgiftene Post- og teletilsynet har knytt til desse brukarane si verksemd.
Fleirtalet meiner det bør arbeidast
vidare for å effektivisere verksemda i Post- og teletilsynet, slik at
utgiftsreduksjonar kan gi lågare gebyr. I tillegg meiner fleirtalet det bør
vurderast å auke det direkte statlege tilskotet til organisasjonane som yter
stor innsats i redningsarbeid. Desse organisasjonane sin innsats sparer det
offentlege for store summar og det er difor urimeleg at nær halvparten av
dagens tilskot må betalast i gebyr til det offentlege.
Komiteen sine medlemer frå
Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet ber
Samferdselsdepartementet finne løysingar, eventuelt saman med andre
departement slik at organisasjonar i « Frivillige redningsfaglige forum » slepp
å bruke av statlege tildelte midlar til å dekke konsesjonsavgift for bruk av
sambandsutstyr.
Komiteens medlemmer fra
Fremskrittspartiet mener det vil være riktig å frita de ideelle
organisasjonene fra konsesjonsavgift, og vil fremme følgende forslag:
« Stortinget ber Regjeringen snarest
fremme forslag om at ideelle organisasjoner som er avhengig av
sambandsutstyr for å kunne gjennomføre redningsaksjoner med sikte på å redde
liv og helse, får fritak fra å betale årlig konsesjonsavgift etter
teleloven. Inntektsbortfallet blir dekket ved at Post- og teletilsynet
effektiviserer tilsvarende. »