Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.47 (2002-2003)
Innstilling fra utenrikskomiteen om endringer på statsbudsjettet for 2002 under kapitler administrerte av Utenriksdepartementet


oversikt første forrige neste

1. Sammendrag

       I proposisjonen blir det foreslått enkelte endringar i løyvingane under Utanriksdepartementet sitt budsjett for 2002.

       Innanfor programområde 02 Utanriksforvaltning blir det berre foreslått mindre endringar, jf omtale nedanfor.

       På budsjettet for ODA-godkjend utviklingshjelp under programområde 03 blir det gjort framlegg om omfordeling av 146,35 mill. kroner.

       På kap. 197 Støtte til ikkje ODA-godkjende land og internasjonale miljøtiltak blir løyvinga foreslått redusert grunna mindre innbetaling enn tidlegare lagt til grunn til Verdsbankens karbonfond.

       For ODA-godkjend utviklingshjelp vert nedanfor omtala nokre større endringar. Elles viser ein til proposisjonen.

Kap. 150 Hovudsamarbeidsland

Post 75 Bangladesh, kan overførast

       Gjennomføringskapasiteten i forvaltningsapparatet er svak, og framdrifta i prosjektgjennomføringa har i år vore svært dårleg. I tillegg medfører korrupsjonsproblema i Bangladesh tilsvarande vanskar. Desse tilhøva har medført at fleire norskfinansierte prosjekt ikkje kan gjennomførast som planlagt.

       Regjeringa gjer difor framlegg om at landramma blir redusert med 74 mill. kroner.

Kap. 163 Naudhjelp, humanitær hjelp og menneskerettar

Post 70 Naturkatastrofar, kan overførast

       Det er venta ei ytterlegare forverring av matvarekrisa i det sørlege Afrika, og ei matvarekrise av stort omfang er under utvikling på Afrikas Horn. I begge regionane er ei omfattande sveltkatastrofe på gang. Det er difor behov for meir støtte både gjennom FN-systemet og dei norske humanitære organisasjonane som er aktive i området. Vidare er det behov for større innsats for førebygging av naturkatastrofar, ikkje minst i Afrika, men òg i Asia og Latin-Amerika.

       Det blir gjort framlegg om ein auke på 30 mill. kroner.

Post 71 Humanitær hjelp og menneskerettar, kan overførast

       Omfattande humanitære behov har medført stort forbruk på den humanitære løyvinga i år. Trass i store humanitære kriser i andre delar av verda er Afrika framleis kontinentet med dei største humanitære behova.

       Det blir gjort framlegg om ein auke på 16 mill. kroner.

Kap. 164 Fred, forsoning og demokrati

Post 70 Fred, forsoning og demokratitiltak, kan overførast

       Den omfattande norske støtta til fred, forsoning og demokratitiltak gjer at løyvinga for 2002 er disponert.

       Noreg har òg eit aktivt engasjement i konflikten mellom Etiopia og Eritrea, og den sentrale rolla Noreg har i Tryggingsrådet både når det gjeld Etiopia/Eritrea og Somalia krev ressursar. Det same gjeld det norske engasjementet i fredsprosessen i Sudan som òg omfattar finansiering av våpenkvileobservatørar. På alle desse områda er det behov for meir midlar.

       Det blir gjort framlegg om ein auke på 10 mill. kroner.

Kap. 171 Multilaterale finansinstitusjonar

Post 70 Verdsbanken, kan overførast

       I IDA13-forhandlingane som blei avslutta 1. juli 2002 vart det vedteke at SDR 10,02 mrd. av påfyllinga skulle kome gjennom nye bidrag frå gjevarlanda. På heile 1990-talet låg Noregs andel på 1,42 % av total påfylling. Noregs utanriksøkonomiske stilling blei i same perioden radikalt forbetra. Vidare har IDAs utlånspolitikk dei siste ti år utvikla seg raskt og er i dag i stor grad i samsvar med norsk utviklingspolitikk. På bakgrunn av dette aksepterte ein frå norsk side å auke delen av påfyllinga til 1,52 %. Vidare har valutakursendringar medført ein ytterlegare auke i Noregs del. Sluttresultatet inneber bidrag frå Noreg på 1.751,27 mill. kroner over tre år, som svarar til ei årleg innbetaling på om lag 584 mill. kroner. Dette er pliktige bidrag.

       Det blir gjort framlegg om ein auke i løyvinga på 84 mill. kroner.

Kap. 173 Støtte til prioriterte tema via multilaterale kanalar

Post 73 Miljø og energi, kan overførast

       Det er mindre behov for midlar enn rekna med, mellom anna til fondet for miljø, sosial utvikling og fattigdom i Verdsbanken.

       Det blir gjort framlegg om ein reduksjon på 22,8 mill. kroner.

Post 74 Godt styresett, kan overførast

       Det er mindre behov for midlar enn rekna med, mellom anna på grunn av avvikling av det norske konsulentfondet i UNDP.

       Det blir gjort framlegg om ein reduksjon på 27,9 mill. kroner.



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon