|
Komiteens utkast til innstilling har vært forelagt næringskomiteen som uttaler i brev av 3. desember 2002:
| « Komiteen sine medlemer frå Sosialistisk Venstreparti viser til FN-avtala om fiske på det opne havet, underteikna 4. desember 1995 (heretter omtalt som « FN-avtala »). Her heiter det mellom anna at berre statar som er medlemer av ein organisasjon for regional fiskeriforvaltning eller som samtykkjer i å bruke dei tiltaka for bevaring og forvaltning som er fastsette gjennom ein slik organisasjon, skal ha tilgang til dei fiskerressursane som desse tiltaka gjeld for. |
| Desse medlemene viser til at FN-avtala stiller krav til gjennomsiktigheit, og slike organ skal mellom anna tillate private organisasjonar som har interesse for vandrande bestandar å delta som observatørar på møte og få tilgang til referat og rapportar. Desse medlemene viser til ordningane for deltaking og innsyn i Den nordvestatlantiske fiskeriorganisasjonen, NAFO. Desse medlemene ønskjer å presisere at det er nødvendig at norske styresmakter aktivt bidrar til å oppfylle intensjonane i FN-avtala om openheit og høve for deltaking i etableringa av Den søraustatlantiske fiskeriorganisasjonane, SEAFO. » |
Næringskomiteen viser ellers til de øvrige fraksjoners merknader i utenrikskomiteens utkast til innstilling til St.prp. nr. 10 (2002-2003) og har for øvrig ingen merknader.