Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.55 (2002-2003)
Innstilling fra familie-, kultur- og administrasjonskomiteen om endringar av løyvingar på statsbudsjettet 2002 under Barne- og familiedepartementet


oversikt første forrige neste

1. Sammendrag

       Barne- og familiedepartementet legg fram følgjande endringsforslag på statsbudsjettet for 2002.

Kap. 800 Barne- og familiedepartementet

Post 21 Særskilde driftsutgifter

       På kap. 800 Barne- og familiedepartementet, post 21 Særskilde driftsutgifter er det eit meirbehov på 2 mill. kroner som kjem av at tiltak av førebels karakter i realiteten vert utført av departementet, men vert finansiert over ulike fagkapittel. Tiltaka vert såleis dekte innanfor den samla ramma til departementet.

       Departementet gjer framlegg om å auke kap. 800 Barne- og familiedepartementet post 21 Særskilde driftsutgifter med 2 mill. kroner mot ei innsparing på 0,920 mill. kroner frå kap. 841 Familievern og konfliktløysing post 22 Kompetanseutvikling og opplæring, meklingskorpset o.a., 0,650 mill. kroner frå kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet post 71 Utvikling og opplysningsarbeid o.a., kan nyttast under post 50 og 0,430 mill. kroner frå kap. 857 Barne- og ungdomstiltak post 73 Ungdomstiltak i større bysamfunn, kan overførast.

Kap. 840 Tilskot til krisetiltak

Post 60 Tilskot til kommunar til krisetiltak, overslagsløyving

       Statstilskotet er eit øyremerkt tilskot til kommunane til drift av krisetiltak (krisesenter, incestsenter o.a.). I samsvar med budsjettvedtaket i Stortinget skal staten yte 50 % av dei samla budsjetterte utgiftene til drifta, såframt budsjettet til krisetiltaket er i balanse og godkjent av vertskommunen (den kommunen der krisetiltaket ligg). Dei resterande 50 % av budsjetterte utgifter dekkjer lokale og regionale bidragsytarar. På bakgrunn av innkomne søknader frå kommunane har det vist seg at løyvinga ikkje er tilstrekkeleg til å dekkje det faktiske behovet.

       Departementet gjer framlegg om at kap. 840 post 60 vert auka med 5,6 mill. kroner for 2002.

Kap. 852 Adopsjonsstøtte

Post 70 Tilskot til foreldre som adopterer barn frå utlandet, overslagsløyving

       Tilskotet skal vere med på å motverke ei skeiv sosial fordeling av adopsjon knytt til foreldra sin økonomi på grunn av dei høge kostnadene ved adopsjon frå utlandet. Stønaden til foreldre som adopterer barn frå utlandet var i 2002 på 22.500 kroner per barn. Tilskotsordninga vert forvalta av Barne-, ungdoms- og familie-forvaltninga (BUFA).

       For 2002 indikerer BUFAs prognose eit meirbehov på 2,9 mill. kroner. Årsaka til at utbetalingane i år ligg høgare enn venta, er verknaden av tiltak hausten 2000 for å byggje ned restansar. Tiltaka inneber at mange fleire søkjarar enn tidlegare fekk førehandssamtykke til adopsjon av barn.

       Departementet gjer framlegg om at kap. 852 post 70 vert auka med 2,9 mill. kroner for 2002.

Kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet

Post 1 Driftsutgifter - Fylkesnemndene for sosiale saker

       Utgiftene i samband med saksavviklinga utgjer ein stor del av kostnadene i fylkesnemndene. Saksvolumet vil derfor i stor grad styre kostnadene til fylkesnemndene. Talet på saker i fylkesnemndene auka med nesten 10 % frå 2000 til 2001, og første halvår 2002 viser ein samla saksauke på 7 %. Basert på at saksmengda i år har vore langt større enn venta, er det eit meirbehov på 4 mill. kroner.

       Departementet gjer framlegg om at kap. 854 post 1 vert auka med 4 mill. kroner for 2002.

Kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet

Post 64 Tilskot for einslege mindreårige flyktningar og asylsøkjarar, overslagsløyving

       Posten dekkjer det særskilde tilskotet til kommunane på 93.000 kroner per barn per år, dessutan refusjon av fylkeskommunen sine barnevernutgifter til einslege mindreårige flyktningar og asylsøkjarar. Ordninga er regelstyrt og posten er ei overslagsbevilling. Talet på einslege mindreårige som har kome til landet ser ut til å auke langt meir frå 2001 til 2002 enn tilfellet var frå 2000 til 2001.

       Departementet gjer framlegg om at kap. 854 post 64 vert auka med 9,3 mill. kroner for 2002.

Kap. 2530 Fødselspengar og adopsjonspengar

Post 70 Fødselspengar til yrkesaktive, overslagsløyving

       Utgiftene til fødselspengar er rekna til 7.850 mill. kroner, 144 mill. kroner meir enn løyvinga i saldert budsjett. Meirutgiftene kjem hovudsakleg av 1,5 % høgare lønnsvekst frå 2001 til 2002 enn det som er lagt til grunn.

       Departementet gjer framlegg om at kap. 2530 post 70 vert auka med 144 mill. kroner for 2002.

Kap. 2530 Fødselspengar og adopsjonspengar

71 Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon, overslagsløyving

       Ein reknar med at det vert utbetalt eingongsstønad til 12.140 personar i 2002, om lag 580 færre enn det som var lagt til grunn i saldert budsjett. Utgiftsoverslaget er på 392 mill. kroner.

       Departementet gjer framlegg om at kap. 2530 post 71 vert redusert med 18 mill. kroner for 2002.

Kap. 2530 Fødselspengar og adopsjonspengar

Post 72 Feriepengar av fødselspengar, overslagsløyving

       Utgifter til feriepengar av fødselspengar er rekna til 227 mill. kroner, 4 mill. kroner meir enn løyvinga i saldert budsjett, som følgje av meirutgiftene under post 70 Fødselspengar.

       Departementet gjer framlegg om at kap. 2530 post 72 vert auka med 4 mill. kroner for 2002.

Kap. 2530 Fødselspengar og adopsjonspengar

Post 73 Adopsjonspengar o.a., overslagsløyving

       Utgiftene til adopsjonspengar er rekna til 138 mill. kroner, 32 mill. kroner meir enn løyvinga i saldert budsjett. Meirbehovet kjem av både fleire adopsjonspengetilfelle og høgare utbetaling per tilfelle enn det som er lagt til grunn for løyvinga.

       Departementet gjer framlegg om at kap. 2530 post 73 vert auka med 32 mill. kroner for 2002.



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon