Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.68 (2002-2003)
Innstilling fra kommunalkomiteen om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om deltaking for EØS/EFTA-statane i EU-programmet om fellesskapstiltak for å stimulere sysselsetjinga (2002-2006)


oversikt første forrige neste

Sammendrag

       Sysselsetjingsprogrammet vart vedteke i EU 10. juni 2002 ved europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 1145/2002/EF om fellesskapstiltak for å stimulere sysselsetjinga. Føremålet med programmet er å fremje samarbeid og utveksling av informasjon om sysselsetjingspolitikken.

       Noreg tok del i EU-programmet om analyse, forsking og samarbeid på sysselsetjings- og arbeidsmarknadsområdet (1998-2000), jf St.prp. nr. 95 (1998-1999). Dette programmet vert no ført vidare av EU-programmet om fellesskapstiltak for å stimulere sysselsetjinga.

       Det er opna for at EØS/EFTA-statane også kan ta del i det nye sysselsetjingsprogrammet. Slik deltaking har som føresetnad at protokoll 31 i EØS-avtala blir endra. Ettersom ordninga går over fleire år, vil norsk deltaking gjere det naudsynt med løyvingsvedtak, og det er difor naudsynt med samtykke frå Stortinget til deltaking i avgjerda i EØS-komiteen. Med sikte på at Noreg skal ta del i programmet så snøgt som råd, blir det lagt opp til at det blir innhenta samtykke frå Stortinget før det er teke avgjerd i EØS-komiteen. Avgjerda i EØS-komiteen er venta i januar 2003, men datoen kan verte endra.

       Programmet har eit budsjettoverslag på 55 mill. euro over femårsperioden. Avgjerda i EØS-komiteen vil innebere ei plikt for Noreg til å gje økonomisk støtte til programmet gjennom dei fire åra av programperioden som EØS/EFTA-statane tek del i. Overslaget for denne perioden er 50 mill. euro.

       Med utgangspunkt i budsjettoverslaget på 50 mill. euro vil støtta frå Noreg over fireårsperioden kome på om lag kr 7.600.000, eller ein gjennomsnittleg kostnad på om lag kr 1.900.000 per år. Deltakinga i programmet gjer det òg mogleg å innplassere ein nasjonal ekspert i Kommisjonen. Det er vedteke at den nasjonale eksperten skal kome frå Noreg. Utgiftene vil verte dekt over kap. 1594 post 21 i budsjettet til Arbeids- og administrasjonsdepartementet.

       Hovudmålet med avgjerda om å skipe eit program om fellesskapstiltak for å stimulere sysselsetjinga (2002-2006) er å støtte opp under sysselsetjingsstrategien til Det europeiske fellesskapet. Målsetjingane i sysselsetjingsstrategien til EU er i hovudsak samanfallande med norske mål på området. Særleg interessant er dei ulike prosessane i EU for utveksling av informasjon og god praksis, og utvikling av metodar og instrument for oppfølging og vurdering av strategien.

       Det er nyttig for Noreg å ta del i programmet fordi det gjev norske styresmakter og organisasjonar tilgang til den metode- og kunnskapsutviklinga som finn stad innanfor ramma av sysselsetjingsstrategien til EU. Deltaking i programmet vil gjere det mogleg å ta del i utveksling av røynsler og god praksis på sysselsetjingsområdet. Samstundes gjer deltakinga i programmet det mogleg for Noreg å synleggjere Noreg som aktør og samarbeidspartnar i EØS-området. Arbeids- og administrasjonsdepartementet rår difor til at Stortinget gjev samtykke til at Noreg tek del i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming av EU-programmet om fellesskapstiltak for å stimulere sysselsetjinga (2002-2006) i EØS-avtala. Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon