|
Ved avgjerd i EØS-komiteen nr. 93/2002 av 25. juni 2002 vart vedlegg XXII (selskapsrett) til EØS-avtala endra. Endringa vart gjord for å innlemme rådsforordning (EF) nr. 2157/2001 av 8. oktober 2001 om vedtektene for det europeiske selskap (SE) i EØS-avtala. Endringa vart gjord ved at det i vedlegg XXII etter nr. 10 vart lagt til eit nytt nr. 10a, som viser til rådsforordning (EF) nr. 2157/2001 av 8. oktober 2001 om vedtektene for det europeiske selskap (SE).
Føremålet med forordninga er å leggje til rette for og betre tilhøva for føretak som driv verksemd på tvers av landegrensene innanfor EØS-området.
Avgjerda i EØS-komiteen vart teken med atterhald for samtykke frå Stortinget, ettersom gjennomføringa i norsk rett gjer det naudsynt med lovvedtak.
Forordninga opnar for at det kan etablerast ei selskapsform på europeisk nivå som eit alternativ til selskapsformer i nasjonal lovgjeving. Det europeiske selskapet (som skal ha forkortinga SE) skal vere eit selskap med avgrensa ansvar, og eigardelane skal vere fordelte på aksjar. Sidan føremålet med forordninga er å leggje tilhøva til rette for verksemd over landegrensene, er det eit vilkår for å kunne etablere seg som eit SE-selskap at verksemda på nærmare definerte måtar er knytt til minst to EØS-statar.
Forordninga inneheld selskapsrettslege reglar, og vert supplert av eit direktiv om medråderett for arbeidstakarar. Det er ein føresetnad for å kunne etablere eit SE-selskap at direktivet er gjennomført i nasjonal lovgjeving.
Forordninga er ikkje uttømmande i den tydinga at ho på fleire punkt viser til dei reglane som gjeld for allmennaksjeselskap i staten der SE-selskapet er etablert. I tillegg opnar forordninga for at statane på visse punkt kan fastsetje særskilde reglar for SE-selskap som er etablerte hos dei. SE-selskapa har òg fridom til å regulere visse tilhøve i vedtektene sine.
Avdeling I i forordninga inneheld allmenne føresegner. Viktige føresegner er her at selskapet skal ha ein aksjekapital på minst 120.000 euro, at selskapet må ha den vedtektsmessige heimstaden sin og hovudkontoret sitt i éin og same EØS-stat, at heimstad og hovudkontor på visse vilkår kan flyttast til ein annan EØS-stat og at SE-selskapet ut over dei reglane som er fastsette i forordninga, skal handsamast som eit allmennaksjeselskap i den staten der det høyrer heime.
Avdeling II inneheld nærmare reglar om dei ulike måtane å stifte eit europeisk selskap på. Stiftinga kan skje på fire ulike måtar.
Avdeling III inneheld reglar om dei styrande organa.
Avdeling IV inneheld reglar om rekneskap og avdeling V reglar om konkurs mv. Her vert det stort sett vist til dei reglane som gjeld for allmennaksjeselskap i staten der SE-selskapet høyrer heime.
Avdeling VI inneheld tilleggs- og overgangsføresegner og avdeling VII sluttføresegner.
Forordninga med tilhøyrande direktiv må vere gjennomførd i nasjonal rett innan 8. oktober 2004.
EØS-komiteen vedtok 25. juni 2002 ved avgjerd nr. 93/2002 at vedlegg XXII (selskapsrett) til EØS-avtala skal endrast ved at rådsforordning (EF) nr. 2157/2001 av 8. oktober 2001 om vedtektene for det europeiske selskap (SE) vert teken inn i EØS-avtala.
Etter artikkel 103 nr. 1 skal EFTA-statane innan seks månader frå tidspunktet då avgjerda vart vedteken (25. juni 2002), melde frå til dei andre EØS-statane at dei forfatningsrettslege krava er stetta, og for Noreg sin del vil det seie at det er innhenta samtykke frå Stortinget til godkjenning av avgjerda i EØS-komiteen.
Høvet til å etablere SE-selskap er ei nyskaping, og følgjeleg finst det ingen reglar om dette i norsk rett i dag.
Forordninga vert gjennomførd i norsk rett ved ei eiga lov. Det må takast stilling til om det skal gjevast særreglar for SE-selskap på dei punkta der forordninga opnar for dette. Direktivet om medråderett for arbeidstakarar må òg innpassast i lova.
Justisdepartementet vil, i samarbeid med Arbeids- og administrasjonsdepartementet, som har ansvaret for gjennomføringa av direktivet, fremje ein eigen odelstingsproposisjon med framlegg til ei ny lov om SE-selskapet.
Forordninga rettar seg i hovudsak mot private rettsubjekt, og gjev desse høve til å etablere SE-selskap på visse vilkår. Staten vert i liten grad påførd plikter etter forordninga. Staten er likevel pålagd å peike ut ei eller fleire rette styresmakter. Desse rette styresmaktene skal på ulike måtar ha visse attest- og kontrollfunksjonar, men det dreier seg ikkje om omfattande plikter. Totalt sett er det ikkje grunn til å tru at forordninga vil få nemnande økonomiske eller administrative konsekvensar for offentlege styresmakter.
Forordninga vil føre til at føretak som driv verksemd over landegrensene innanfor EØS-området, kan etablere seg som eit europeisk selskap dersom nærmare fastsette vilkår er stetta. I kor stor grad føretak vil nytte seg av høvet til å etablere SE-selskap, er vanskeleg å seie noko sikkert om. Den største nyskapinga som forordninga fører med seg, er truleg at ho opnar for fusjon av føretak over landegrenser, noko som ikkje er mogleg i dag. Etablering av eit SE-selskap vil truleg føre med seg at føretaket kan redusere dei administrative kostnadne sine, men slik situasjonen er i dag, vil det ikkje føre med seg t.d. skattemessige føremoner.
Justisdepartementet tilrår på denne bakgrunnen at Noreg godkjenner avgjerda i EØS-komiteen om endring av vedlegg XXII (selskapsrett) til EØS-avtala ved å innlemme forordning (EF) nr. 2157/2001 om vedtektene for det europeiske selskap (SE). Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.