Innst.S.nr.89 (2002-2003)
Innstilling frå energi- og miljøkomiteen om endringar av løyvingar på
statsbudsjettet for 2002 m.m. under Olje- og energidepartementet og
endringar i eigarstruktur i det norske gasstransportsystemet
Merknader frå komiteen
Komiteen, medlemene frå
Arbeidarpartiet, Sylvia Brustad, Rolf Terje Klungland og Synnøve Konglevoll,
frå Høgre, Øyvind Halleraker, Siri A Meling og Leif Frode Onarheim, frå
Framstegspartiet, Øyvind Korsberg og Øyvind Vaksdal, frå Sosialistisk
Venstreparti, Hallgeir H Langeland og Ingvild Vaggen Malvik, frå Kristeleg
Folkeparti, Ingmar Ljones og Inger Stokstad og frå Senterpartiet, Inger S
Enger, viser til Olje- og energidepartementet sine forslag til endringar i
statsbudsjettet for 2002 på kap. 1808 post 21 (ny), kap. 1810 post 21, kap.
1820 post 21,22 og 75, kap. 2440 post 22, 25 (ny), 30 og 50, kap. 2442 post
70, kap. 2490 post 24 og 45, kap. 4810 post 02 og 04, kap. 4820 post 02 og
40, kap. 5440 post 01 (ny), 24, 30, 31 (ny), 50 (ny), 80 og 81 (ny) og kap.
5608 post 80.
Fleirtalet i komiteen, medlemene frå
Arbeidarpartiet, Høgre, Framstegspartiet og Kristeleg Folkeparti, viser til
at ein del av desse endringane er knytte til restruktureringa av det
statlege engasjementet i petroleumsverksemda og endring av løyvingar til
SDØE. Fleirtalet har ingen merknader til desse endringane.
Fleirtalet har elles ingen merknader
til dei andre endringane i proposisjonen.
Fleirtalet har merka seg at
etableringa av interesseselskapet Gasled inneber ei omstrukturering av
eigardelar i transportsystemet for gass utan særskilde endringar i venta
inntekt for eigarane. Den nye eigarstrukturen er planlagt å verke frå 1.
januar 2003 og legg til grunn at departementet i samband med etableringa av
Gassled forlenger løyva til anlegg og drift for aktuelle innretningar fram
til 2028. Den nye eigarstrukturen er planlagt å verke frå 31. desember
2028.
Fleirtalet har ingen merknad til
dette.
Medlemene i komiteen frå Sosialistisk
Venstreparti og Senterpartiet viser til den motstanden partiet hadde mot
privatisering av Statoil og restrukturering av det statlege engasjementet i
petroleumsverksemda. Desse medlemene registrerer dei utgiftene og tiltaka
som følgjer av desse vedtaka, samt at styringsmoglegheitene blir reduserte,
slik ein kan sjå når Statoil vel byggestad for prosjekta sine.
Desse medlemene ser positivt på at det
har vore auka tilsyn med petroleumsverksemda slik det kjem til uttrykk på
Oljedirektoratet sitt budsjett. Desse medlemene ber om at denne posten også
vert styrkt i samband med Revidert nasjonalbudsjett våren 2003.
Komiteens medlemmer fra Sosialistisk
Venstreparti viser til brev fra Olje- og energidepartementet til komiteen av
28. november 2002, hvor det gjøres rede for de boligområdene der det ifølge
den såkalte risikoklassifiseringa i programmet for økt sikkerhet mot
leirskred, er avdekket behov for strakstiltak, i tillegg til boligområdet i
Meråker, som er omtalt i proposisjonen. Disse områdene omfatter:
| - | Sentrumsområdet
ved Nidelva, Trondheim |
| - | Borgstadjordet,
Porsgrunn/Skien |
Disse medlemmer forventer at det
avdekkede behovet for strakstiltak umiddelbart følges opp med de nødvendige
økonomiske ressursene, slik at risikoen for omfattende naturkatastrofer med
fare for tap av menneskeliv og materielle verdier, reduseres. Disse
medlemmer vil derfor gi fullmakt til OED, i likhet med området i Meråker,
til å overskride budsjettet for å foreta de nødvendige sikringstiltak.
Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon