Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.211 (2002-2003)
Innstilling frå finanskomiteen om forslag fra stortingsrepresentantene John I Alvheim, Harald T Nesvik og Øystein Hedstrøm om at det innen utgangen av 2003 legges frem forslag om endring av merverdiavgiftslovgivningen slik at det ikke kreves merverdiavgift på vederlag for utleie av utstyr og tjenester som ytes mellom selvstendig næringsdrivende tannleger i samme praksis


oversikt første forrige neste

Merknader frå komiteen

       Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Ranveig Frøiland, Svein Roald Hansen, Tore Nordtun, Torstein Rudihagen og Hill-Marta Solberg, frå Høgre, Svein Flåtten, Heidi Larssen, Erlend Nornes og Jan Tore Sanner, frå Framstegspartiet, Gjermund Hagesæter, leiaren Siv Jensen og Per Erik Monsen, frå Sosialistisk Venstreparti, Øystein Djupedal, Audun Bjørlo Lysbakken og Heidi Grande Røys, frå Kristeleg Folkeparti, Ingebrigt S Sørfonn og Bjørg Tørresdal, frå Senterpartiet, Morten Lund, frå Venstre, May Britt Vihovde, og frå Kystpartiet, Steinar Bastesen, viser til at dokumentet 10. april 2003 vart sendt over til finansminister Per-Kristian Foss til uttale. Hans svarbrev av 28. april 2003 følgjer som vedlegg til denne innstillinga.

       Komiteen har merka seg situasjonen til tannlegar som opererer i same praksis der det vert kravd meirverdiavgift på vederlag for utleige av utstyr og tenester som vert ytt mellom den som eig praksisen og den såkalla assistenttannlegen.

       Komiteen meiner at like ytingar bør handsamast likt i forhold til meirverdiavgiftsplikta og der plikta ikkje verkar nøytral, bør det vurderast unnatak. Dette vart også vektlagt både i NOU 199:11 og i Ot.prp.nr.2 (2000-2001).

       Komiteen er av den oppfatning av det ikkje er slik at avgiftsplikta først oppstår når praksiseigaren har tatt inn ytterlegare tannlegar i praksisen. Verksemder utanfor avgiftsområdet, slik som tannlegar, har ikkje frådragsrett for inngåande avgift ved kjøp av varer og tenester. Det skal derimot betalast meirverdiavgift av vederlaget for utleige av tannlegeutstyret. Utleige av lokale og helsepersonell er derimot unnateke.

       Komiteen meiner derimot at det er lite føremålstenleg at ei rekkje mindre tannlegepraksisar må inn i meirverdiavgiftssystemet fordi ein heilt marginal del av verksemda er avgiftspliktig. Dette vil skape mykje meirarbeid for å skilje kva som er avgiftspliktig eller ikkje, der eigaren av praksisen nyttar det same utstyret som den som arbeider i den same praksisen.

       Komiteen er difor glad for at finansministeren i sitt svarbrev skriv at han har sett i gong eit arbeid med tanke på å få eit unnatak for tenester som vert ytt mellom sjølvstendige næringsdrivande tannlegar i same praksis.

       Komiteen er likevel også av den meining at innføring av særordningar for einskilde grupper av næringsdrivande er uheldig, og er såleis einig i at det må setjast klåre avgrensingar for eit slikt fritak. Komiteen ser òg at ei slik særordning i tillegg må gjelde andre grupper av sjølvstendige næringsdrivande helsepersonell som organiserer seg på tilsvarande måte. Komiteen har merka seg at finansministeren vil sjå nærare på dette og kome tilbake med forslag om unnatak i samband med statsbudsjettet for 2004.

       Når det gjeld tannlegar er komiteen tilfreds med at finansministeren med heimel i meirverdiavgiftslova § 70 etablerer ei avgrensa unnataksordning for utleige i dei nemnte tilfella.



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon