|
Ein syner til brev av 30. april 2003
frå Næringskomiteen ved leiar Olav Akselsen, og vil svare på to spørsmål
knytte til
St.prp. nr. 43 (2002-2003):
| A) | Har sekretariatet for Biodiversitetskonvensjonen vurdert om EUs patentdirektiv er i strid med Biodiversitetskonvensjonen? |
Sekretariatet for
Biodiversitetskonvensjonen, som har setet sitt i Montreal, opplyser at det
ikkje har kome med noko vurdering av dette spørsmålet.
| B) | Viss nei, vil Regjeringa ta initiativ frå norsk side ved å be sekretariatet vurdere om EUs patentdirektiv er i strid med Biodiversitetskonvensjonen? |
Partane til Biodiversitetskonvensjonen har eit sjølvstendig ansvar for å syte for at pliktene etter konvensjonen vert haldne, og til å vurdere om andre plikter kjem i strid med desse.
I medhald av dette vil Noreg halde seg til patentdirektivet i samsvar med pliktene etter Biodiversitetskonvensjonen, slik det også er gjeve uttrykk for i den erklæringa som Noreg ga i samband med EØS-komiteens vedtak 31. januar 2003 om innlemming av patentdirektivet i EØS-avtalen. Der vert det sagt at norsk godkjenning av direktivet byggjer på at det blir nytta på ein slik måte. Som det vert gjort greie for i kapittel 12.8 i St.prp. nr. 43 (2002-2003) har også EF-domstolen understreka at direktivet må nyttast i samsvar med pliktene etter Biodiversitetskonvensjonen.
Ut frå dette ser Regjeringa ikkje behov for å ta noko initiativ overfor sekretariatet for Biodiversitetskonvensjonen.