Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.243 (2002-2003)
Innstilling fra energi- og miljøkomiteen om forslag fra stortingsrepresentantene Øystein Djupedal, Hallgeir H Langeland og Heidi Grande Røys om å styrkje og byggje ut nasjonalparkforvaltinga


oversikt første" forrige

Vedlegg. Brev fra Miljøverndepartementet v/statsråden til energi- og miljøkomiteen, datert 11. april 2003

Dok.nr.8:62 (2002-2003) Forslag frå stortingsrepresentantane Øystein Djupedal, Hallgeir H Langeland og Heidi Grande Røys om å styrkje og byggje ut nasjonalparkforvaltinga

       Eg syner til brev dagsett 6. mars 2003.

       Nasjonalparkar og andre store verneområde er viktige element i regjeringa sitt arbeid med å ta vare på den norske naturarven for oss sjølve og etterslekta. Eit sentralt utgangspunkt for utvalet av område er at dei skal vere i mest mogleg naturtilstand; vere mest mogleg urøyrde i høve til bruk. Gjennom etablering av store verneområde har samfunnet valt å regulere bruken av desse områda slik at verneføremålet ikkje blir skadelidande.

       Verneplanpolitikken er utforma av Storting og regjering gjennom eigne meldingar og gjennom dei årlege budsjetta. Ved sida av barskogvernet er arbeidet med gjennomføring av nasjonalparkplanen høgt prioritert av Regjeringa. Til no er 11 av dei om lag 50 framleggja gjennomførde, av desse 8 i perioden 2001 fram til no. I perioden 2003 til 2006 skal ytterligare 30 verneplanar sluttførast.

       Nasjonalparkane våre ligg i det alt vesentlege i eller tett opp til fjellområda. Men dei er ulike når det gjeld storleik og bruk. Medan t d Rago, Ormtjernkampen og Børgefjell nasjonalparkar har lite tilrettelegging og bruken er liten, er nasjonalparkane på Hardangervidda, i Jotunheimen og Rondane mykje brukte opp gjennom tidene, og det satt opp ulike innretningar som har blitt snytt i samband med m a landbruksdrift og friluftsliv/turisme.

       Denne bruken er likevel i omfang mykje mindre enn det ein finn i nasjonalparkar Forollhogna og Verdal/Snåsa/Lierne. I tillegg har regjeringa lagt opp til eit liknande prøveprosjekt for forvaltinga av den utvida nasjonalparken på Dovrefjell. Desse erfaringane skal evaluerast, og regjeringa vil kome attende til Stortinget med resultatet av desse. Stortinget får då høve til å drøfte ulike sider ved nasjonalparkforvaltingsordninga på nytt.

       Når det gjeld ulik bruk av våre nasjonalparkar og andre større verneområde har som kjend Stortinget bede Regjeringa kome attende innan 1. oktober med ei utgreiing om økt turistmessig bruk og verdiskaping av våre fjellområde.

       Eg har merka meg forslagsstillarane sitt ønskje og framlegg om økte ressursar til drift og forvalting av våre nasjonalparkar og andre større verneområde. Spørsmålet om økte løyvingar til dette arbeidet vil bli vurdert på vanleg måte i samband med dei årlege statsbudsjetta.



oversikt første" forrige


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon