Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.257 (2002-2003)
Innstilling frå energi- og miljøkomiteen om kraftutbygging i Hattebergvassdraget


oversikt første" forrige

Vedlegg. Brev frå Kvinnherad Energi AS til energi- og miljøkomiteen, dagsett 26. mai 2003

Opprustning av Muradalen kraftverk og mogeleg samordning med vassverket sine utbyggingsplanar

       Sidan komiteen var på synfaring 19. mai er det komme inn nye moment i saka som vi meiner bør takast med i komiteen si vurdering. Vi har fått tilsendt nabovarsel, datert 15. mai 2003, frå Rosendal og omland vassverk sin konsulent om bygging av vassbehandlingsanlegg i Muradalen. Prosjektet gjeld:

-Bygging av behandlingsanlegg på 200 m2 med mønehøgd 7m nærast vegg i vegg med noverande kraftstasjon
-Legging av tilhøyrande 890 m vassleidning frå noverane inntaksdam og inn til kraftstasjonen.
-Bygging av 20m breid og 2,5 m høg inntaksdam i elveløpet.

       Vi har fått opplyst frå formannen i vassverket om at planane er godkjend av Baroniet Rosendal.

       Så snart vi mottok denne meldinga tok vi kontakt med vassverket med sikte på å samordna deira planar med den omsøkte opprustninga av Muradalen kraftverk, noko dei umiddelbart stilte seg positive til.

       Ei slik samordning vil, slik vi ser det, gje høve til:

-Riving av eksisterande stasjonsbygning.
-Samling av alle tekniske installasjonar, inkl. nytt kraftverk, i ein og samme bygning der ein saman kan setja av ein forholdsvis større del av prosjektkostnaden til utforming av bygningen og tilpassing til naturen rundt.
-Legging av 900m høgspentkabel saman med ny vassleidning frå noverande inntaksdam og riving av eksisterande kraftline på same strekning.

       Samordning av planane forutset løyve til opprustning av kraftstasjon og røyrgate i samsvar med alternativ 6. I motsett fall vert den gamle stasjonen ståande og vassverket byggjer nytt bygg utan å ha økonomisk handlefridom til å ta ynskjelege estetiske omsyn. Eit slikt utfall i saka vil føra til at både utbyggjar, verneinteresser og natur og miljø i Muradalen vert taparar.



oversikt første" forrige


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon