Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.291 (2002-2003)
Innstilling fra forsvarskomiteen om endring i tenestetillegget til utskrivne vernepliktige mannskap


oversikt første forrige neste

1. Sammendrag

1.1 Innleiing

       I denne proposisjonen legg Forsvarsdepartementet fram forslag til regulering av tenestetillegget for utskrivne vernepliktige mannskap frå 1. juli 2003.

1.2 Samandrag og tilrådingar

       Forslaget til regulering vil få verknad frå 1. juli 2003 og vert fastsett på grunnlag av auken i konsumprisindeksen frå april 2002 til april 2003 avrunda til næraste heile krone og ikkje som i andre høve, der ein har nytta lønsoppgjeret i staten som grunnlag for endringane. Til dømes vart det også gjeve tillegg ut over det lønsoppgjeret gav grunnlag for i 2000.

       Tenestetillegget til dei vernepliktige mannskapa vert med grunnlag i dette tilrådd auka med om lag 2,9 % frå 1. juli 2003. Meirutgiftene for 2003 er utrekna til 8,693 mill. kroner. Forslag til endeleg inndekning vil bli fremja i samband med omgrupperingsproposisjonen i haust.

1.3 Bakgrunn

       Forsvarsdepartementet har ved fleire høve, i tråd med Forsvarskomitéen sitt syn, lagt til grunn den regulering som vert gitt i lågaste lønstrinn for vaksen, ufaglært arbeidskraft i staten. Andre gonger har ein ikkje nytta lønsoppgjeret ved fastsettinga av dei økonomiska vilkåra for dei vernepliktige mannskapa, men i staden sett det som nausynt å auke tillegget ut over resultatet av lønsoppgjeret i staten.

       Mellomoppgjeret i staten gav eit tillegg på kr 0 i lågaste lønstrinn for vaksen, ufaglært arbeidskraft på A-tabellen med verknad frå 1. mai 2003.

       Vidare vert det korkje ført sentrale forhandlingar per 1. august 2003, eller lokale forhandlingar per 1. september 2003.

1.4 Vurderingar

       Dei økonomiske ytingane det dreier seg om har som eit viktig mål å sikre den vernepliktige og familien hans ein rimeleg god levestandard. Det bør takast omsyn til at kjøpekraftutviklinga for lønstakarar og vernepliktige ikkje direkte kan samanliknast, då vernepliktige har relativt små tillegg og behovsprøvde ytingar. Etter ei samla vurdering er Forsvarsdepartementet kome fram til at dei vernepliktige bør få ei regulering av tenestetillegget med om lag 2,9 %, medan andre tillegg vert uendra. Auken i tenestetillegget er eit viktig bidrag i arbeidet med å heve statusen til dei utskrivne vernepliktige mannskapa. Av praktiske omsyn lyt reguleringa skje frå 1. juli 2003.

1.5 Regulering av tenestetillegget

       Forslaget inneber følgjande regulering av tenestetillegget frå 1. juli:

       Tenestetillegg frå kr 108,00 til kr 111,00 per dag.

1.6 Finansiering

       Dei vernepliktige mannskapa si økonomiske utvikling er særlig utsett ved null-oppgjer i staten. Forsvarsdepartementet har difor vedteke å fremja forslag om å løyva dei vernepliktige mannskapa ein kompensasjon svarande til auken i konsumprisindeksen frå april 2002 til april 2003, avrunda til næraste heile krone.

       Kap 1719 post 43 Til disposisjon for Forsvarsdepartementet, vert tilrådd minka med 8,693 mill. kroner til fordeling på dei andre kapitla på Forsvarsbudsjettet.

       Regulativendringar for militære vernepliktige mannskap utløysar tilsvarande verknad for dei sivile vernepliktige. Dette følgjer av militærnektarlova § 18. Meirkostnadane for siviltenesteforvaltninga for andre halvår 2003 er utrekna til 0,95 mill. kroner, som vert tilrådd dekt innafor eiga ramme på kapittel 450. Meirkostnadane førar til endringar i talet på sivile tenestepliktige som vert kalla inn og i mengda mannskap i siviltenesta.

1.7 Samla utgiftsutrekning

       Meirutgiftene som følgje av forslaget er rekna ut til å bli 8,693 mill. kroner for 2003 etter følgjande fordeling:

       Auke av tenestetillegg 8,693 mill. kroner.



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon