Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.34 (2003-2004)
Innstilling fra finanskomiteen om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 60/2003 av 16. mai 2003 om innlemming i EØS-avtalen av europaparlaments- og rådsforordning nr. 1991/2002 om arbeidskraftundersøkingar i Fellesskapet


oversikt første forrige neste

Sammendrag

       Ved avgjerd i EØS-komiteen nr. 60/2003 vart det vedteke å endre vedlegg XXI til EØS-avtala ved å innlemme europaparlaments- og rådsforordning nr. 1991/2002 av 8. oktober 2002 om arbeidskraftundersøkingar i Fellesskapet. Forordning 1991/2002 justerer rådsforordning (EF) nr. 577/98 om organisering av arbeidskraftundersøkingar i Fellesskapet, som er teke inn i vedlegg XXI til EØS-avtala. Føremålet er å endre arbeidskraftundersøkinga til ei kontinuerleg undersøking som kan gje både kvartalsvise og årlege resultat.

       Då avgjerda inneber visse økonomiske konsekvensar for utbygginga av norsk statistikk, vart det frå den norske sida teke atterhald for Stortinget sitt samtykke til godkjenning av avgjerda i EØS-komiteen i medhald av § 26 andre leddet i Grunnlova og artikkel 103 i EØS-avtala.

       Gjennomføringa av arbeidskraftundersøkingane i forordninga vil gjere det mogleg å samanlikne norsk statistikk og EU sin statistikk. Samstundes som statistikktilbodet frå arbeidskraftundersøkingane vert større for brukarar i Noreg, vil inkludering av fleire variablar føre til at Noreg kjem med i fleire analysar som vert gjorde internasjonalt. Arbeidskraftundersøkinga vert difor rekna som ein viktig del av EØS-samarbeidet.

       Regjeringa tilrår at Noreg godkjenner avgjerd i EØS-komiteen nr. 60/2003 av 16. mai 2003 om endring av vedlegg XXI til EØS-avtala ved å innlemme europaparlaments- og rådsforordning nr. 1991/2002 om arbeidskraftundersøkingar i Fellesskapet.



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon