Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.39 (2003-2004)
Innstilling frå kommunalkomiteen om endringer på statsbudsjettet for 2003 i forbindelse med endringer i permitteringsregelverket


oversikt første forrige neste

Merknader frå komiteen

       Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sigvald Oppebøen Hansen, Reidar Sandal, Karl Eirik Schjøtt-Pedersen og Signe Øye, frå Høgre, Peter Skovholt Gitmark, Kari Lise Holmberg og Marie Kürstein, frå Framstegspartiet, Torbjørn Andersen og Per Sandberg, frå Sosialistisk Venstreparti, Karin Andersen og Heikki Holmås, frå Kristeleg Folkeparti, Leif Christian Johansen og Anita Apelthun Sæle, og frå Senterpartiet leiaren Magnhild Meltveit Kleppa, viser til at Stortinget vedtok endringar i lov om lønsplikt under permittering og folketrygdlova med verknad frå 1. januar 2002 der trygdeperioden blei redusert frå 52 til 26 veker.

       Komiteen viser også til at det i juni 2001 blei vedteke ei mellombels lov om overgangsreglar særskilt retta inn mot asfaltbransjen. I samband med at Stortinget den 19. juni 2003 vedtok å gje Regjeringa høve til å forlenge perioden på 26 veker før arbeidsgjevars lønsplikt trer inn att og ein forlenga perioden med rett til dagpengar for permitterte innan bestemte næringar, har departementet utvida permitteringsperioden med rett til dagpengar i 42 veker for bestemte næringar med verknad frå 1. juli 2003.

       Komiteen registrerer at departementet gjennom forskrift har avgjort at dette unntaket bare skulle gjelde fram til 1. november 2003, og seinare har departementet utvida denne forskrifta fram til 1. januar 2004.

       Komiteen vil peike på at ei slik avgrensing i tid ikkje var Stortingets meining då Stortinget vedtok dette og viser til vedtekne endring i § 3 første ledd: « Departementet kan gi forskrift om adgang til å forlenge perioden på 26 uker før arbeidsgivers lønnsplikt gjeninntrer, for permitterte innen bestemte næringer. »

       Komiteen viser også til at Regjeringa meiner at gjeldande regelverk kan vere i strid med reglane i EØS-avtala og at Regjeringa gjorde reglane mellombels til ho kunne kome attende til Stortinget med framlegg om endringar, jf Ot.prp.nr.12 (2003-2004).

       Komiteen har elles ingen merknader og viser til at Stortinget vil kome tilbake til eventuelle andre endringar i lova gjennom behandling av Ot.prp.nr.12 (2003-2004).



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon