Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.62 (2003-2004)
Innstilling fra justiskomiteen om endringar på statsbudsjettet for 2003 under diverse kapittel administrerte av Justis- og politidepartementet


oversikt første forrige neste

1. Sammendrag

1.1 Innleiing

       Justisdepartementet legg i proposisjonen fram forslag om endringar i løyvingane under diverse kapittel i statsbudsjettet for 2003. Forslaga om endringar i løyvinga på nokre av dei regelbundne postene er mellom anna baserte på rekneskapstal pr. 30. september 2003.

1.2 Forslag om endringar

Kap. 400 Justisdepartementet

       På grunn av den sterke kronekursen er det venta eit mindreforbruk på 0,25 mill. kroner under kap. 400 post 71 Tilskott til Internasjonale organisasjonar for 2003. På denne bakgrunn vert det foreslått å redusere løyvinga på kap. 400 post 71 med 0,25 mill. kroner og auke løyvinga tilsvarande under kap. 400 post 1. Forslaget til auking på kap. 400 post 1 vil mellom anna dekkje auka husleige i Justisdepartementet.

Kap. 430 Kriminalomsorga si sentrale forvaltning/Kap. 3430 Kriminalomsorga si sentrale forvaltning

       På bakgrunn av endringa med utbetaling av eigedel for uniformseffektar og rekneskapstal hittil i år, foreslår Justisdepartementet å setje ned løyvinga under kap. 430 post 1 med 1,4 mill. kroner, mot at løyvinga under kap. 3430 post 3 Andre inntekter vert sett ned tilsvarande.

Kap. 432 Kriminalomsorgas utdanningssenter (KRUS)

       Justisdepartementet foreslår å redusere løyvinga under kap. 432 post 1 med 1 mill. kroner, som delvis inndekking av meirutgiftene til Dei særskilde etterforskingsorgana, jf omtale under kap. 460 Dei særskilde etterforskingsorgana.

Kap 440 Politidirektoratet - politi- og lensmannsetaten

Utgiftene til asyl- og utlendingssaker

       Regjeringa legg no fram forslag om tilleggsløyving på asyl- og utlendingsområdet. Hovudårsakene til dette er samansette. Det har teke lengre tid enn føresett å få full effekt av dei effektiviseringstiltaka som skulle setjast i verk, og som låg til grunn for Regjeringa sitt forslag om tilleggsløyving i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2003. Det har òg blitt meir krevjande uttransportar no enn tidlegare.

       Justisdepartementet foreslår på denne bakgrunn å auke løyvinga under kap 440 post 1 med 25 mill. kroner, og løyvinga under kap 440 post 21 med 25 mill. kroner.

Overføring av midlar frå post for tilskot

       Som følgje av den samla budsjettsituasjonen på politibudsjettet, foreslår departementet å auke løyvinga på kap 440 post 1 med 0,75 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon av kap 440 post 70.

       Etter ei vurdering av rekneskapstala, og som delvis inndekking av meirbehovet til politiet, foreslår Justisdepartementet å redusere løyvinga på kap 440 post 22 med 1 mill. kroner.

Kap 3440 Politidirektoratet - politi- og lensmannsetaten

       Saldert budsjett 2003 er 0,207 mill. kroner. På bakgrunn av tal frå rekneskapen og venta utvikling foreslår departementet å auke løyvinga på kap. 3440 post 4 Gebyr - vaktselskap med 0,65 mill. kroner.

       I budsjettforslaget for 2003 vart det foreslått ei løyving på 36,8 mill. kroner på ny inntektspost 5 Gebyr i utlendingssaker. Forslaget var basert på eit lovforslag frå Kommunal- og regionaldepartementet om å innføre nye gebyr på søknader om statsborgarskap, opphalds-, arbeids-, og busettingsløyve, med verknad frå 1. januar 2004. Dei nye gebyrordningane vart sette i verk først frå 1. oktober 2003. Som følgje av dette foreslår departementet å redusere løyvinga på kap. 3440 post 5 med 27,8 mill. kroner, til 9 mill. kroner, jf også omtale under kap. 441 post 1.

Kap. 441 Oslo politidistrikt

       I samband med innføring av gebyr i utlendingssaker, vart budsjettet på kap. 441 post 1 auka, for å dekkje meirarbeidet for Oslo politidistrikt. Som følgje av at lovendringa vart sett i verk forseinka, reknar Justisdepartementet med at det kan førast over 2 mill. kroner frå kap 441 post 1 til andre føremål i 2003. Justis- og politidepartementet foreslår difor å redusere løyvinga på kap. 441 post 1 med 2 mill. kroner, som delvis inndekking av meirutgiftene til Dei særskilde etterforskingsorgana, jf omtale under kap. 460.

       Det vert foreslått at Justisdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 441 post 1 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3441 post 5, jf forslag til vedtak.

Kap. 460 Dei særskilde etterforskingsorgana (SEFO)

       På bakgrunn av rekneskapstal og pårekna utvikling blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 460 post 1 med 3 mill. kroner. For å dekkje opp det auka behovet blir det foreslått å redusere løyvinga på kap. 432 post 1 med 1 mill. kroner og på kap. 441 post 1 med 2 mill. kroner.

Kap. 466 Særskilde straffesaksutgifter m.m.

       Løyvinga dekkjer utgifter til advokatar, sakkunnige og tolkar i straffesaker etter straffeprosesslova kapittel 9 og 9 a. Dei totale utgiftene på kapitlet avhengjer av talet på straffesaker, omfanget av sakene og storleiken på den offentlege salærsatsen. Utgiftene på posten er regelbundne. Ut frå rekneskapstall og pårekna utvikling blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 466 post 1 med 25 mill. kroner.

Kap. 470 Fri rettshjelp

       Løyvinga på post 70 Fri saksførsel skal dekkje utgifter til advokatar i saker der det er gjeve fri sakførsel. Utgiftene er regelbundne. På bakgrunn av rekneskapstal og pårekna utvikling blir det foreslått å redusere løyvinga på kap. 470 post 70 med 20 mill. kroner.

       Løyvinga på post 71 Fritt rettsråd dekkjer utgifter til advokatar og rettshjelpere i saker der det er gjeve fritt rettsråd. Utgiftene er regelbundne. På bakgrunn av rekneskapstal og pårekna utvikling blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 470 post 71 med 15 mill. kroner.

Kap. 471 Staten sitt erstatningsansvar

       I juni vart det inngått forlik i saken mellom Amelia Riis og staten v/Justisdepartementet på i alt 55,1 mill. kroner. Det har ikkje vorte teke omsyn til ei slik utbetaling i budsjettet for 2003. Justisdepartementet foreslår derfor å auke løyvinga på kap. 471 post 71 med 53 mill. kroner.



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon