Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.64 (2003-2004)
Innstilling frå energi- og miljøkomiteen om samtykke til godkjenning av ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av eit fleirårig handlingsprogram på energiområdet « Intelligent energi for Europa » (2003-2006)


oversikt første forrige neste

Samandrag

       Utanriksdepartementet viser i proposisjonen til at det fleirårige EU-handlingsprogrammet på energiområdet « Intelligent energi for Europa » (2003-2006) vart formelt vedteke 26. juni 2003. Programmet er ei vidareføring og ein revisjon av rammeprogrammet for energi, som vart avslutta 31. desember 2002, der Noreg tok del i tre av seks delprogram; ALTENER (stimulering til bruk av fornybare energikjelder), SAVE (energieffektivisering) og ETAP (statistikk og analysar av energisektoren).

       I « Intelligent energi for Europa » vil ALTENER og SAVE bli vidareførde; i tillegg vert det skipa eit program for bruk av fornybar energi i transportsektoren (STEER) og eit program for å fremje bruk av fornybar energi i utviklingsland (COOPENER). Dei andre programma under rammeprogrammet for energi går ut. For perioden 2003-2006 har « Intelligent energi for Europa » ei budsjettramme på 200 mill. euro. « Intelligent energi for Europa » (2003-2006) er meint å byggje opp under energipolitikken til EU. Dei overordna måla for programmet er at det skal medverke til å betre forsyningstryggleiken, konkurranseevna og miljøvernet. Måla med programmet er vidare å fremje ei berekraftig økonomisk og sosial utvikling.

       Departementet viser til at handlingsprogrammet opnar for deltaking for EØS/EFTA-statane, og at ei slik deltaking krev endring av protokoll 31 artikkel 14 i EØS-avtala. Norsk deltaking i programmet gjer det naudsynt med løyvingsvedtak, og i samsvar med § 26 andre leddet i Grunnlova er det difor naudsynt med samtykke frå Stortinget til deltaking i avgjerda i EØS-komiteen. Med sikte på at Noreg skal kunne ta del i programmet så snøgt som råd, vert stortingsproposisjonen fremja før avgjerda i EØS-komiteen, som er venta 7. november 2003.

       Tilskotet frå Noreg for deltaking i programmet vil ved ein kurs på 1 euro = NOK 8,0 vere på om lag 8 mill. kroner per år, og vil verte dekt over budsjettet til Olje- og energidepartementet, kap. 1825 post 21. Deltakinga i programmet gjer det òg mogleg for norske styresmakter å utplassere nasjonale ekspertar som jobbar innanfor programmet, i Kommisjonen.

       Det er gjort nærmare greie for programmet i proposisjonen, og utkastet til avgjerd i EØS-komiteen og europaparlaments- og rådsvedtaket følger i uoffisiell norsk versjon som trykte vedlegg.



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon