Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.65 (2003-2004)
Innstilling fra energi- og miljøkomiteen om endringar av løyvingar på statsbudsjettet for 2003 m.m. under Olje- og energidepartementet og endringar under Gassled


oversikt første forrige neste

Sammendrag

       Olje- og energidepartementet legg i proposisjonen fram forslag til endringar på statsbudsjettet for 2003.

       Departementet redegjer i tillegg for bruk av fullmakter under Staten sitt direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda (SDØE).

       I proposisjonen blir endringar under Gassled omtalt. Departementet viser til at innlemming av anlegga på Kollsnes i Gassled vil innebere ei omstrukturering av eigarskapet i transportsystemet for gass utan særlege endringar i forventa inntekt for eigarane.

       Olje- og energidepartementet rår Stortinget til å slutte seg til at staten gjennomfører naudsynte transaksjonar for å innlemme anlegga på Kollsnes, eller delar av desse, i Gassled, jf forslag til vedtak II.

Kap. 1810 Oljedirektoratet (jf kap. 4810)

Post 21 Spesielle driftsutgifter

       Samla blir det foreslått å auke løyvinga med 16,25 mill. kroner, frå 67 til 83,25 mill. kroner.

Kap. 1820 Norges vassdrags- og energidirektorat (jf kap. 4820 og 4829)

Post 1 Driftsutgifter

       For å dekkje inn meirutgiftene blir det foreslått å auke løyvinga med 2,1 mill. kroner, frå 229,4 til 231,5 mill. kroner.

Post 22 Sikrings- og miljøtiltak i vassdrag, kan overføres

       Det blir foreslått å auke løyvinga med 6,5 mill. kroner for 2003.

Post 23 Informasjonstiltak for energisparing

       Det blir foreslått å redusere løyvinga med 1,5 mill. kroner for 2003.

Post 70 Tilskudd til lokale el-forsyningsanlegg, kan overføres

       Det blir foreslått å redusere løvinga med 0,2 mill. kroner i forhold til gjeldande løyving for 2003. Endringa har samanheng med lågare søknadsmasse.

Kap. 1825 Omlegging av energibruk og energiproduksjon

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overføres

       Det blir foreslått å auke løyvinga med 4 mill. kroner, frå 6 til 10 mill. kroner.

       Departementet viser til at tilskotet frå Noreg for deltaking i programmet « Intelligent energi for Europa » 2003-2006 vil bli dekt over denne posten.

Post 70 Tilskudd til elektrisitetssparing i private husholdninger, kan overføres

       Det blir foreslått å auke løyvinga med 60 mill. kroner, frå 75 til 135 mill. kroner. I tillegg blir det foreslått at posten tilføres stikkordet « kan overføres » for å ta høgde for tilsegn som kan bli utbetalt i 2004.

Post 73 Produksjonsstøtte til vindkraft

       Det blir foreslått å redusere løyvinga med 12,5 mill. kroner i forhold til gjeldande løyving for 2003, frå 14 til 1,5 mill. kroner. Reduksjonen har samanheng med at fleire av dei norske vindkraftprodusentane velgjer å selje grøne sertifikat framfor å ta imot produksjonsstøtte.

Kap. 2440/5440 Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsvirksomheten

       Det foreslås endringar som samla sett medfører at netto kontantstraumen frå SDØE aukar med 5.680 mill. kroner i forhold til gjeldande løyving for 2003, frå 59.519,4 til 65.199,4 mill. kroner.

       Det er i proposisjonen gjort rede for:

       Bruk av fullmakt VI - Forenkla behandling frå styresmaktene si side

-Utviding av gassbehandlingskapasiteten på Kårstø
-Anlegg for fjerning av CO2 og auka etanbehandling på Kårstø
-Oseberg J-Struktur
-Ekofisk vekst
-Ringhorne Jurassic og Balder røyrleidningssystem
-Vigdis Extension

       Bruk av fullmakt VII - Overføring av eigedomsrett mot bruksrett

-Vederlagsfri overføring av eigedomsrett
-Tune og Oseberg

       Bruk av fullmakt VIII - overdraging av eigardelar i utvinningsløyve

-Utvinningsløyve 079 og 190
-Utvinningsløyve 053 og 055

Kap. 2490 NVE Anlegg (jf kap. 5490, 5491 og 5603)

Post 24 Driftsresultat

       Det stipulerte driftsresultatet for NVE Anlegg under kap. 2490 post 24 aukar med 2,9 mill. kroner i forhold til gjeldande løyving for 2003, frå 3,6 til 0,7 mill. kroner.

       I St.prp. nr. 1 (2003-2004) for Olje- og energidepartementet er anleggskapitalen som er oppgitt i NVE Anleggs kapitalbalanse pr. 31. desember 2002 for låg. Olje- og energidepartementet vil komme tilbake med ein korrekt kapitalbalanse i samband med Revidert nasjonalbudsjett for 2004.

Kap. 4810 Oljedirektoratet (jf kap. 1810)

Post 2 Oppdrags- og samarbeidsvirksomhet

       Det blir foreslått å auke løyvinga med 13,75 mill. kroner i forhold til gjeldande løyving for 2003.

Post 4 Salg av undersøkelsesmateriale

       Departementet foreslår at budsjettoverslaget blir redusert med 2,5 mill. kroner, til kr 0. Dette vart òg gjort i 2002, jf St.prp. nr. 21 og Innst.S.nr.89 (2002-2003).

Kap. 4820 Norges vassdrags- og energidirektorat (jf kap. 1820)

Post 1 Gebyr- og avgiftsinntekter

       Overslaget oppjusterast på gebyr- og avgiftsinntekter med 0,4 mill. kroner, frå 21,1 til 21,5 mill. kroner.



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon