|
Sosialdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om endringar av løyvingane under kapitlane 664 Pensjonstrygden for sjømenn og 666 Avtalefesta pensjon.
For 2003 er det gitt løyvingar som tilskott til Pensjonstrygden for sjømenn på i alt 471,6 mill. kroner.
Tilskottet til Pensjonstrygden for sjømenn skal dekkje delar av pensjonsutbetalingane etter sjømannspensjonstrygdelova § 15 og underskott i pensjonstrygda etter at reguleringsfondet er brukt opp.
Etter sjømannspensjonstrygdelova § 8 er trygda garantert av staten. Det er ved fleire tidlegare høve varsla at staten gjennom garantien må dekkje ein venta underbalanse på 3-4 mrd. kroner over ein periode på om lag 15 år. Reguleringsfondet vart brukt opp i løpet av 1. kvartal i 2003 og staten må derfor dekkje underskottet i trygda.
Dette er det tatt omsyn til i løyvinga for 2003, men løyvinga er for låg. Grunnen er mellom anna at registeret for Pensjonstrygden for sjømenn ikkje gir tilstrekkelege opplysningar om fartstid (tenestetid) før 1975. Ein må derfor basere seg på usikre overslag. Utrekningar viser at opptente pensjonsrettar er større enn lagt til grunn tidlegare.
1. januar 2003 var kapitalen på reguleringsfondet 35 mill. kroner og kapitalen på grunnfondet 186 mill. kroner. Garantiansvaret til staten skal som nemnt dekkje underskottet i Pensjonstrygden for sjømenn etter at reguleringsfondet er brukt opp. Finansinntektene frå grunnfondet går med til finansiering av pensjonstrygda, men etter loven skal ikkje grunnfondskapitalen brukast til å dekkje underskott i trygda.
Sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 31,4 mill. kroner til 503 mill. kroner for 2003.
Løyvinga for 2003 er på 709 mill. kroner.
Middeltalet av AFP-pensjonistar i 2003 vert 11.265 personar, mot 11.820 personar lagt til grunn for løyvinga. Truleg vil talet på pensjonistar bli om lag 11.490 personar ved utgangen av 2003.
Sosialdepartementet foreslår at løyvinga for 2003 vert redusert med 29 mill. kroner til 680 mill. kroner.