Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.89 (2003-2004)
Innstilling fra kommunalkomiteen om samtykke til godkjenning av ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av fellesskapshandlingsprogrammet om motkjemping av diskriminering (2001-2006)


oversikt første forrige neste

Sammendrag

       Fellesskapshandlingsprogrammet om motkjemping av diskriminering (2001-2006) vart formelt vedteke i EU 27. november 2000 ved rådsvedtak 2000/750/EF .

       Handlingsprogrammet skal fremje tiltak til motkjemping av direkte og indirekte diskriminering på grunnlag av etnisk opphav, religion eller tru, funksjonshemming, alder eller seksuell legning. Programmet skal nyttast i åra 2001-2006.

       Norsk deltaking i programmet gjer det naudsynt med eit budsjettvedtak over fleire år, og i medhald av § 26 andre leddet i Grunnlova er det difor naudsynt med Stortinget sitt samtykke til godkjenning av avgjerda i EØS-komiteen.

       Føremålet med programmet er i samsvar med norsk politikk på området.

       Gjennomføringa i norsk rett gjer det ikkje naudsynt med lov- eller forskriftsendringar.

       Arbeidet med programmet i Noreg vil verte lagt til Sosialdepartementet, Arbeids- og administrasjonsdepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet, med Sosialdepartementet som koordinator. Løyvingane frå Noreg til programmet er venta å utgjere om lag 9 mill. kroner som vil verte fordelte mellom dei departementa som det gjeld.

       Regjeringa meiner at det er i Norge si interesse å ta del i det europeiske samarbeidet om tiltak mot diskriminering. I proposisjonen vert det peika på at vi ønskjer å vere i fremste rekkje i ei vidare utvikling av regelverket på dette området, som omfattar sentrale deler av menneskerettane. Deltaking i programmet vil gje oss sjansen til å vere med i den europeiske prosessen sjølv om vi ikkje kan påverke EU-regelverket direkte. Vi vil kunne ha eit vesentleg læringsutbytte av nærmare samhandling med EU og EU-statane på dette området.



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon