Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.90 (2003-2004)
Innstilling fra samferdselskomiteen om endring av løyvingar mv. for 2003 på Samferdselsdepartementets område


oversikt første forrige neste

6. Andre saker

6.1 Sammendrag

Omfang og bruk av gebyr til å finansiere lov- og forskriftsarbeid på Samferdselsdepartementets område

       Det blir gjort greie for omfanget og bruk av gebyrer til å finansiere lov- og forskriftsarbeid på Samferdselsdepartementets område.

       Departementet har ingen gebyrordning for å finansiere sitt lov- og forskriftsarbeid. Innafor veg og jernbane blir det heller ikkje nytta gebyr for å finansiere lov- og forskriftsabeid.

       Post- og teletilsynet sitt arbeid med lover og forskrifter, under dette lover og forskrifter fastsette av departementet og tekniske forskrifter fastsette av Post- og teletilsynet, inngår i sjølvfinansieringa av tilsynet. Denne aktiviteten reknar ein for å vere ein del av, og grunnlag for, verksemda i Post- og teletilsynet.

       Det er lagt opp til at Luftfartstilsynet i prinsippet skal bli sjølvfinansierande. Etter endringa i luftfartslova, jf Ot.prp.nr.40 (2002-2003), har Samferdselsdepartementet fått heimel til å gi forskrifter om at flyselskap eller andre operatørar skal betale gebyr for å finansiere luftfartsstyresmakta sitt arbeid med tryggleik innan luftfarten. Det er ikkje nærare avgrensa kva slags arbeid knytte til dei oppgåvene Luftfartstilsynet har som styresmakt som kan inngå i gebyra som skal finansiere arbeidet med tryggleik som tilsynet utfører.

       For gebyrinntektene er det for 2004 foreslått å løyve 87,6 mill. kroner, jf St.prp. nr. 1 (2003-2004).

Komiteens merknader

       Komiteen har ingen merknader



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon