Innst.S.nr.92 (2003-2004)
Innstilling fra forsvarskomiteen om endringer på statsbudsjettet for
2003 under Forsvarsdepartementet
1. Formål og hovudoversikt
1.1 Formål
I denne proposisjonen legg Regjeringa
fram forslag om visse endringar i løyvingar i forsvarsbudsjettet for 2003
for å skape samsvar mellom løyvingane under dei einskilde kapitla og postane
og dei endringane i budsjettføresetnadene som har skjedd sidan
forsvarsbudsjettet for 2003 vart utarbeidd.
1.2 Tilleggsløyvingar
På bakgrun av at eit norsk
sikringskompani skal stasjonerast i Afghanistan frå november 2003 i samband
med at landets grunnlovgivande forsamling Loya Jirga trer saman i desember,
vert det foreslått ei tilleggsløyving på 10 mill. kroner.
Oppdraget kostar totalt 50 mill.
kroner der 30 mill. kroner kjem til betaling i 2003. 20 mill. kroner vert
dekt innanfor fastlagde rammer og 10 mill. kroner i tillegsløyving.
1.3 Omgruppering: Forhold som endrar ramma for 2003-budsjettet
1.3.1 Nedtrekk grunna meirforbruk i 2002
Avslutninga av rekneskapen for 2002
synte eit meirforbruk under:
| 1. | Kap.
1731 Hæren, post 1 på 55,470 mill. kroner. |
| Totalt | meirforbruk
var på 55,470 mill. kroner og vert dekt ved at ramma for 2003 vert foreslått
redusert tilsvarande. |
| 2. | Kap.
1732 Sjøforsvaret, post 1 på 38,878 mill. kroner. |
| Totalt | meirforbruk
var på 38,878 mill. kroner og vert dekt ved at ramma for 2003 vert foreslått
redusert tilsvarande. |
| 3. | Kap.
1734 Heimevernet, post 1 på 6,094 mill. kroner. |
| Totalt | meirforbruk
var på 6,094 mill. kroner og vert dekt ved at ramma for 2003 vert foreslått redusert
tilsvarande. |
| 4. | Kap.
1760 Nyskaffingar av materiell og nye bygg og anlegg, post 48 på 2,181 mill.
kroner. |
| Totalt | meirforbruk
var på 2,181 mill. kroner og vert dekt ved at ramma for 2003 vert foreslått redusert
tilsvarande. |
| 5. | Kap.
1791 Redningshelikoptertenesta, post 1 på 6,167 mill. kroner. |
| Totalt | meirforbruk
var på 6,167 mill. kroner og vert dekt ved at ramma for 2003 vert foreslått redusert
tilsvarande. |
1.3.2 Netto meirinntekter i 2003
I forhold til vedtatt budsjett 2003 er
det ei netto meirinntekt (brutto meirinntekter minus mindreinntekter) på
72,765 mill. kroner som er foreslått lagt til utgiftssida.
1.4 Det økonomiske grunnlaget for omgrupperinga
1.4.1 Økonomisk grunnlag
Grunnlaget for omgrupperingane er
vedtatt budsjett for 2003 lagt til seinare endringar gjort av Stortinget,
fullmakter gitt av Stortinget til Finansdepartementet som ikkje kjem fram
som løyvingsendring under dei einskilde departementa og midlar ført over frå
2002.
I 2003 er det for forsvarsbudsjettet
sett i verk faktiske endringar i løyvingar i følgjande:
| - | Stp.prp.
nr. 1 (2002-2003) Statsbudsjettet medrekna folketrygda,
B.innst.S.nr.1
(2002-2003), medførde ein reduksjon på 43,462 mill. kroner. |
| - |
St.prp. nr. 65 (2002-2003) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringar i statsbudsjettet
medrekna folketrygda 2002, jf
Innst.S.nr.212
(2002-2003), medførde ei redusert utgiftsramme på 240 mill. kroner. |
| - | Innsparing
i departementa sine utgiftsrammer på 100 mill. kroner, fullmakt gitt av Stortinget
til Finansdepartementet. Forsvarsdepartementet sin del utgjorde 28,601 mill.
kroner. |
Tabell 1.1. Faktisk løyving på
utgiftssida før omgruppering 2003 kjem fram slik (i 1.000 kroner):
| Vedtatt budsjett 2003 |
29.613.813 |
| Innst.S.nr.1 Tillegg nr. 1 (2002-2003) |
-43.462 |
|
Innst.S.nr.260
(2002-2003) | -240.000 |
| Forsvarsdepartementet sin del
av innsparingsfullmakt gitt av Stortinget til Finansdepartementet |
-28.601 |
| Soldatproposisjonen, jf
Innst.S.nr.291
(2002-2003), jf
St.prp. nr. 76 (2002-2003) (reknefeil i samband med utarbeiding av proposisjonen) |
3 |
| = Faktisk løyving før omgruppering |
29.301.753 |
| Middel ført over frå 2002 |
1.127.923 |
| Disponible midlar i 2003 før omgruppering |
30.429.676 |
Tabell 1.2. Disponibel løyving på
inntektssida før omgruppering 2003 kjem fram slik (i 1.000 kroner):
| Vedtatt budsjett 2003 |
798.286 |
| = Løyving før omgruppering |
798.286 |
Tabell 1.3. Løyvingsbehov på
utgiftssida i samband med omgrupperings-proposisjonen vert slik (i 1.000
kroner):
| Nedtrekk grunna meirforbruk i
2002 | -108.790 |
| Nedtrekk grunna ein reknefeil
i samband med soldatproposisjonen, jf
Innst.S.nr.291
(2002-2003), jf
St.prp. nr. 76 (2002-2003 |
-3 |
| Auke på utgiftssida grunna meirinntekter
førde til utgiftssida | 72.765 |
| Tilleggsløyvingar i omgrupperinga
2003 | 10.000 |
| = Sum behov ved omgrupperinga |
-26.028 |
| + Løyving før omgruppering |
29.301.753 |
| = Total løyving etter omgrupperinga |
29.275.725 |
| = Totalt disponibelt etter omgrupperinga |
30.403.648 |
Tabell 1.4. Løyvingsbehov på
inntektssida i samband med omgrupperings-proposisjonen vert slik (i 1.000
kroner):
| Løyving før omgruppering |
798.286 |
| Netto meirinntekter |
72.765 |
| = Sum behov ved omgrupperinga |
871.051 |
Departementet foreslår på denne
bakgrunnen, under forslag til vedtak, at utgiftsramma vert redusert med
26,028 mill. kroner og at inntektsramma vert auka med 72,765 mill. kroner.
1.4.2 Utgifter
Tala i tabellane nedanfor syner netto
endringar på dei ulike postane. Utgiftstabellen er inklusiv fordeling av
netto meirinntekter.
Tabell 1.5. Postfordeling utgifter (i
1.000 kroner)
| Post |
Formål | Mindreutg. - |
| | |
Meirutg. + |
| 1 |
Driftsutgifter | -12.695 |
| 24 |
Driftsresultat Forsvarsbygg |
458.436 |
| 43 |
Til disposisjon for Forsvarsdepartementet |
-11.307 |
| 45 |
Store nyskaffingar | 109.420 |
| 47 |
Nye bygg og anlegg | -600.436 |
| 48 |
Fellesfinansierte bygg og anleggsarbeid |
-2.181 |
| 50 |
Overføringar til statsinstitusjonar |
42.000 |
| 70 |
Renter låneordning | -8.000 |
| 75 |
Fellesfinansierte bygg- og anleggsarbeid |
- 23.000 |
| 78 |
Noregs tilskot til NATO sitt driftsbudsjett |
23.000 |
| 90 |
Lån til private | -1.265 |
| |
Sum | -26.028 |
1.4.3 Inntekter
Tabell 1.6. Postfordeling inntekter
(i 1.000 kroner)
| Post |
Formål | Mindreinnt - Meirinnt
+ |
| 1 |
Driftsinntekter | 72.365 |
| 70 |
Renter låneordninga | -600 |
| 90 |
Lån til bustadformål | 1.000 |
| |
Sum | 72.765 |
Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon