Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.120 (2003-2004)
Innstilling frå næringskomiteen om gjennomføring av råfiskloven og fiskeeksportloven i 2001 og 2002


oversikt første forrige neste

Merknader frå komiteen

       Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, leiaren Olav Akselsen, Bendiks H Arnesen, Grethe Fossli og Aud Gaundal, frå Høgre, Ivar Kristiansen, Michael Momyr og Erlend Nornes, frå Framstegspartiet, Øystein Hedstrøm og Lodve Solholm, frå Sosialistisk Venstreparti, Åsa Elvik og Inge Ryan, frå Kristeleg Folkeparti, Rigmor Andersen Eide og Olaf Gjedrem, og frå Senterpartiet, Odd Roger Enoksen, viser til at St.meld. nr. 17 (2003-2004) på ein grei og oversiktleg måte viser korleis gjennomføringa av råfiskloven og fiskeeksportloven har vore i åra 2001 og 2002.

       Komiteen har merka seg at sjølv om fangstmengda er auka frå 2001 til 2002 har førstehandsverdien minka. Like eins har eksportverdien minka trass i at eksportmengda har auka frå 2001 til 2002.

       Komiteen er av den meining at om ein ser ein nedgang i førstehandsverdien og eksportverdien så er verdiskapinga av særs stor nytte for Noreg generelt og kystsamfunna spesielt. Dette viser at næringa er ein av berebjelkane i norsk økonomi.

       Komiteen har vidare merka seg at det framleis er ein stor del, omlag 20 %, av det totale kvantum landa fisk på norsk jord, som kjem frå utanlandske båtar.

       Komiteen har merka seg at det vert innført ei transittordning frå 1. mai 2004 for EU-fartøy. Komiteen har merka seg og er samd i at norske styresmakter har kravd ressurs- og veterinærkontroll som sentrale element i ordninga. Komiteen har merka seg at EU-kommisjonen er samd i dette synet. Komiteen vil be Regjeringa kome attende til Stortinget med ei form for evaluering på ein egna måte når denne nye ordninga har fungert ei tid.

       Medlemene i komiteen frå Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet viser til at desse partia i Innst.S.nr.103 (2003-2004) frå utanrikskomiteen om samtykke til ratifikasjon av avtale om Den tsjekkiske republikks, Republikken Estlands, Republikken Kypros', Republikken Latvias, Republikken Litauens, Republikken Ungarns, Republikken Maltas, Republikken Polens, Republikken Slovenias og Den slovakiske republikks deltakelse i Det europeiske økonomiske samarbeidsområde (EØS) med tilliggende avtaler konkluderte med at retten til transitt for EU-fartøy ikkje burde vere ein del av EØS-avtalen, og fremma forslag om å be Regjeringa gjenoppta forhandlingar med EU om dette punktet i avtalen. Å tillate transitt er i direkte motstrid med råfiskloven som seier at all fangst landa i Noreg, skal omsettes gjennom fiskesalslag. Dette gjeld både norske og utanlandske leveransar. Salslaga har ansvar for at kvantum blir registert, og desse medlemene kan ikkje sjå nokon grunn til at transittlandingar skal vere unntatt dette. Tvert imot er det viktig at alle fangstar blir registrert mellom anna ut frå omsynet til ressurskontroll. Desse medlemene meiner dette kontrollregiment framleis kan ivaretakast innanfor den nye EØS-avtalen.

       Komiteen har merka seg at dei ordningane ein har innført som tiltak for å avgrense fiskefusk både på land og til sjøs, har verka.

       Komiteen har òg merka seg det revideringsarbeidet som er gjort andsynes landingsetel.

       Komiteen vil be om at ein orienterar Stortinget på ein høveleg måte om dei erfaringar ein gjer seg med dei nye reglane.



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon