|
Det blir i dokumentet fremja følgjande
forslag:
« Stortinget ber Regjeringa endra
regelverket for arbeidsinntekt for uføretrygda, slik at lokale trygdekontor
i einskilde tilfelle kan nytta skjønn. »
Som bakgrunn for forslaget peikar forslagsstillarane på at uførepensjonistar etter gjeldande regelverk kan ha ei inntekt inntil eit grunnbeløp utan at uførepensjonen vert redusert. Forslagsstillarane meiner denne regelen fungerer godt m.a. fordi den gir høve til ei viss tilknyting til arbeidslivet. Forslagsstillarane vil peika på at denne regelen vert praktisert heilt kategorisk frå trygdeetaten, slik at dersom ein 100 prosent uføretrygda medvite eller uforvarande overstig inntektsgrensa på 1 G , får han eller ho automatisk melding om at uføregraden er redusert.
Forslagsstillarane vil halda på grensa 1 G, men meiner at dei lokale trygdekontora må ha høve til å nytta skjønn i saker der einskildpersonar tydeleg uforvarande har overstige denne grensa, og til å gjere ei heilskapleg vurdering der også t.d. legen sitt syn tel med.