Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.160 (2003-2004)
Innstilling frå samferdselskomiteen om forslag fra stortingsrepresentant Kenneth Svendsen om å avslutte forsøket med « AutoPASS » på ferjene hvor næringsliv og bilister får økte kostnader


oversikt første forrige neste

Merknader frå komiteen

       Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sigrun Eng, Bjørgulv Froyn, Oddbjørg Ausdal Starrfelt og Tor-Arne Strøm, frå Høgre, Anne Berit Andersen, Sverre J Hoddevik, Hans Gjeisar Kjæstad og leiaren Petter Løvik, frå Framstegspartiet, Thore Aksel Nistad og Kenneth Svendsen, frå Sosialistisk Venstreparti, Geir-Ketil Hansen og Heidi Sørensen, frå Kristeleg Folkeparti, Odd Holten og Jan Sahl, og frå Senterpartiet, Jorunn Ringstad, viser til vedlagde fråsegn i brev av 16. mars 2004 frå Samferdselsdepartementet v/statsråd Torild Skogsholm i saka.

       Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, er positive til arbeidet med å få til eit sams betalingssystem på bomstasjonar og ferjer, noko som vil føre til forenkling og tidsbesparing for brukarane.

       Fleirtalet meiner det er viktig å prøve ut eit slikt prosjekt slik at erfaringane kan nyttast i det vidare arbeidet med nytt takstsystem. Fleirtalet vil likevel peike på at i samband der det skulle oppstå store problem for næringslivet, bør rabattordningane kunne vurderast etterkvart, også før den endelege revisjonen av ferjetakstregulativet.

       Fleirtalet finn difor at det er for tidleg å avslutte prosjektet no og vil foreslå å avvise forslaget i dokumentet.

       Fleirtalet viser til at « Felles betalingssystem - AutoPASS » er omtala i St.meld. nr. 24 (2003-2004) Nasjonal transportplan, og at det ved behandlinga av meldinga er mogeleg å komme nærare inn på spørsmål vedkomande sams betalingssystem.

       Eit anna fleirtal i komiteen, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet og Senterpartiet, viser til forsøksprosjektet som går ut på å redusere talet på takstgrupper i noen ferjesamband, m.a. ved overføring av passasjerbetalinga til kjøretøytakstane. Formålet med forsøket er følgjeleg å få til ei forenkling og lægre administrative kostnader, noko som igjen kan føre til reduserte takstar eller betre rabattordningar.

       Medlemene i komiteen frå Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet er positive til forsøk som kan forenkle takstsystemet og redusere kostnadene til ferjedrifta, men er kritisk til at reduksjon av passasjertakstar skal føre til auka kostnader for pendlarar og næringstransport.

       Desse medlemene vil vise til at det er knytt stor lokal motstand til enkelte av prosjekta då redusering av takstgrupper fører til at passasjerbetalinga vert overført til kjøretøytakstane. Sjølv om formålet med forsøket er å få til ei forenkling av systema og lægre administrative kostnader, må dette ikkje føre til auka kostnader for den lokale næringstransporten.

       Desse medlemene meiner likevel at dei forsøka som no er i gong bør halde fram, så framt det ikkje er stor lokal motstand mot dette.

       Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet er positive til arbeidet med å få til et enhetlig betalingssystem på bomstasjoner og ferjer, noe som vil føre til forenkling og tidsbesparing for næringslivet, men dette må ikke føre til økte kostnader for bilister eller næringslivet. Disse medlemmer mener prinsipielt at ferjedrift er en videreføring av vegnettet og at det derfor burde være gratis. Disse medlemmer vil derfor komme tilbake til dette under budsjettbehandlingen og behandlingen av Nasjonal transportplan 2006-2015.

       Disse medlemmer viser for øvrig til dokumentet og fremmer følgende forslag:

       « Stortinget ber Regjeringen avslutte forsøket med « AutoPASS » på ferjer som fører til at privatbilister og næringsliv får økte kostnader som følge av at reisende uten bil reiser gratis. »

       Medlemen i komiteen frå Senterpartiet meiner det er ei målsetjing at ferjetransport skal verte gratis.



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon