|
Komiteen sine tilrådingar I, III, IV og V vert fremja av ein samla komité.
Komiteen si tilråding II vert fremja
av medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg
Folkeparti og Senterpartiet.
Komiteen har elles ingen merknader,
syner til meldinga og rår Stortinget til å gjere følgjande
Stortinget ber Regjeringa vurdere om
Den nordatlantiske sjøpattedyrkommisjonen kan gjevast ei aktiv oppgåve i
fastsetjinga av totale fangstkvotar og fordelinga av fangstkvotar mellom
Noreg og andre land.
Stortinget ber Regjeringa snarast råd
auke det årlege uttaket av vågekval vesentleg i høve til dagens nivå, og i
tråd med tilrådingar frå norske forskarar.
Stortinget ber Regjeringa vurdere å
opne for forskingsfangst på andre kvalartar, for slik å leggje tilhøva til
rette for ein større forskingsinnsats og såleis akkumulering av ønskeleg og
naudsynt kunnskap.
Stortinget ber Regjeringa leggje fram
ei ny Stortingsmelding om norsk sjøpattedyrpolitikk seinast hausten 2008,
eller når det ligg føre eit nytt bestandsestimat for vågekval i norske
farvatn.
St.meld. nr. 27 (2003-2004) om norsk sjøpattedyrpolitikk - vert å leggje ved
møteboka.
| Oslo, i næringskomiteen,
den 13. mai 2004 |
| Olav Akselsen leiar |
Lodve Solholm ordførar |