|
Eg viser til brev frå næringskomiteen av 27. april der det blir vist til oppslag i media om at spanske styresmakter no stiller opp med lån og anna støtte andsynes spanske verft tilsvarande 7 milliardar kroner over ein periode på tre år.
Skipsbyggingsindustrien i Noreg opererer i ein global marknad. I ein slik marknad vil rammevilkåra i dei einskilde landa ha verknad for den internasjonale konkurransen. Dette dømet er omtala i St.meld. nr. 32 Vilje til vekst - for norsk skipsfart og de maritime næringer. Vi følgjer nøye med på det som skjer internasjonalt m.a. i OECD og med kontaktar til EU-kommisjonen.
Frå departementet si side legg vi til rette for at næringa framleis skal utvikle seg slik at ho også i framtida skal medverke til verdiskaping i landet. Innovasjon innan bransjen er såleis eit viktig satsingsområde. Regjeringa har difor som ein lekk av Innovasjon 2010 tatt initiativ til prosjektet MARUT. Dette initiativet skal mellom anna vere Noreg sitt svar på initiativet LeaderSHIP 2015 som er starta opp i EU. For å skape eit ekstra trykk på arbeidet i MARUT har Regjeringa dessutan signalisert i « Vilje til vekst » at det vil bli skipa eit innovasjonsprogram for dei maritime næringane.
I ulike samanhengar har det vore nemnt at spanske styresmakter har gitt stønad til spanske skipsverft som går utover det nivået som norske skipsverft kan motta. Departementet tok derfor i 2003 mellom anna initiativ til å hyre inn eit eige konsulentselskap for å granske spanske stønadsordningar. Det vart ikkje gjennom undersøkinga dokumentert at spanske skipsverft mottok ulovleg stønad.
Teknologibedriftenes landsforeining har og teke initiativ til ei tilsvarande gransking.
Både Noreg og fleire andre land har teke opp dei spanske ordningane med Kommisjonen. Mellom anna har Kommisjonen fått sendt over begge dei to norske rapportane. Det går no føre seg ei gransking av Izar-konsernet for å få ei vurdering av om selskapet har motteke stønad i strid med gjeldande regelverk. Det er venta eit vedtak frå Kommisjonen i løpet av kort tid.
Det er viktig å skilje mellom ulovleg og lovleg stønad. Alle nye stønadsordningar som innførast må notifiserast til Kommisjonen. Eg legg til grunn at Spania, som alle andre land i EU/EØS-området, må halde seg til gjeldande regelverk.
Eg vil dessutan leggje til at eg seinast den siste helga i april var i Irland på eit ministermøte for EU-landa. Der vart stønad til skipsverft tatt opp som eit eige punkt utanom dagsordenen. Mellom anna tok eg sjølv opp dette temaet med utsendingar frå spanske styresmakter. Eg ga uttrykk for at eg kjende uro for den spanske politikken med omsyn til skipsverfta. Eg la også merke til at det var fleire andre land som uroa seg for den politikken Spania fører på dette området.
Eg legg til grunn at norske skipsverft skal ha dei same rammevilkåra kva gjelder verftsstønad, som dei europeiske konkurrentane. Regjeringa har difor lagt fram ein eigen proposisjon der vi foreslår å vidareføre den avgrensa stønadsordninga for skipsverft som bygger containarskip, produkt- og kjemikalietankarar og LNG-skip. Dette vil medverke til at skipsverfta i Noreg får dei same konkurransevilkåra som verfta i EU-land kva gjelder verftsstønad.