|
Komiteen, medlemene frå Høgre, Ine Marie Eriksen, Jan Olav Olsen, Raymond Robertsen og Søren Fredrik Voie, frå Arbeidarpartiet, Vidar Bjørnstad, Eva M Nielsen og Karita Bekkemellem Orheim, frå Framstegspartiet, Ursula Evje og Arne Sortevik, frå Sosialistisk Venstreparti, Lena Jensen og leiaren Rolf Reikvam, frå Kristeleg Folkeparti, Arne Lyngstad og Elsa Skarbøvik, frå Senterpartiet, Rune J Skjælaaen, frå Venstre, Trine Skei Grande, og representanten Jan Simonsen, viser til at Erasmus Mundus-programmet skal utvikle eit strukturert samarbeid mellom institusjonar i EØS-området og i resten av verda.
Det er eit mål å auke utvekslinga av studentar mellom norske institusjonar og institusjonar i andre land. Den auka utvekslinga skal gå begge vegar slik programmet legg opp til. Ikkje minst er det viktig å legge til rette for at studentar frå tredjeland får høve til å ta del i eit organisert samarbeid med institusjonar i Europa.
Spesielt på masternivå bør fleire norske studentar få høve til å ta delar av graden ved ein utanlandsk institusjon. Komiteen meiner det vil lette utvekslinga om ein, slik programmet legg opp til, får etablert fellesgradar og gradar på tvers av institusjons- og landegrenser.
Komiteen merkar seg at departementet vil vurdere om det er naudsynt å endre lovverket for å tilpasse seg programmet. Komiteen går ut frå at det vil bli gjort i samband med den varsla proposisjonen på grunnlag av NOU 2003:25 .
Komiteen har ingen andre merknader til framlegget.
Komiteen viser til at utkastet til innstilling om saka har vore lagt fram for utanrikskomiteen, som i brev 26. mai 2004 melder at komiteen ikkje har merknader til utkastet.