Innst.S.nr.220 (2003-2004)
Innstilling fra forsvarskomiteen om investeringar i Forsvaret
1. Innleiing
I denne proposisjonen legg Regjeringa
fram forslag om godkjenning av eit nytt investeringsprosjekt. Dei styrande
dokumenta for innhaldet i denne proposisjonen er
St.prp. nr. 45 (2000-2001) Omlegging av Forsvaret i perioden 2002-2005, og
St.prp. nr. 42 (2003-2004) Den videre moderniseringen av Forsvaret i
perioden 2005-2008. Utgangspunktet for godkjenning av investeringsprosjekta
i Forsvaret er budsjettproposisjonen. Denne investeringsproposisjonen er
eit supplement til budsjettproposisjonen.
1.1 Innhald
Proposisjonen har følgjande innhald:
| 1. | Godkjenning
av eit nytt materiellprosjekt: Taktisk Data Link 16 (LINK-16). |
| 2. | Bygginga
av nye fregattar og utviklinga av nye sjømålsmissilar. |
| 3. | Informasjonssaker:
Følgjande saker vert til informasjon lagt fram for Stortinget: Nye fregattar
- status for prosjektet sitt «risikobilete» og nedjustering av kostnadsramma
for panserbekjempingsvåpen middels rekkevidde. |
Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon