Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.235 (2003-2004)
Innstilling fra forsvarskomiteen om endringar i « Regulativ for tillegg mv. til utskrivne vernepliktige mannskap »


oversikt første forrige neste

Bakgrunn

       Gjennom ei rekke år har dei økonomiske ytingane til soldatane blitt regulert med basis i lønsoppgjeret for tilsette i staten. Forsvarsdepartementet har dei seinare åra, i tråd med forsvarskomiteens syn, lagt til grunn den regulering som blir gitt i lågaste lønstrinn for vaksen, ufaglært arbeidskraft.

       Det tilrådde lønsoppgjeret for statstilsette i lønsramme 1, alternativ 1 gav som resultat eit kronetillegg på 6.500 på A-tabellen med virkning frå 1. mai 2004. Vidare blei det gitt opprykk på fire lønstrinn i lågaste begynnarløn til kr 196.300 per år i lønstrinn 13 med virkning frå 1. juni 2004. Dette utgjer til saman ei regulering på 8,9 %

       I 2003 gav lønsoppgjeret i staten ikkje lønsauke. Tenestetillegget til dei vernepliktige mannskapa vart likevel auka med 2,9 % i 2003 på grunnlag av auken i konsumprisindeksen, jf St.prp. nr. 76 (2002-2003) og Innst.S.nr.291 (2002-2003), som eit bidrag i arbeidet med å heve statusen til utskrivne vernepliktige mannskap. For 2004 ønskjer Forsvarsdepartementet å føre vidare prinsippet om regulering basert på lønsoppgjeret for vaksen, ufaglært arbeidskraft i staten.



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon