Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.238 (2003-2004)
Innstilling fra familie-, kultur- og administrasjonskomiteen om endring av medlemskap i Statens Pensjonskasse


oversikt første forrige neste

Sammendrag

       Arbeids- og administrasjonsdepartementet ønskjer i medhald av lov om Statens Pensjonskasse 28. juli 1949 (pensjonslova) § 20 tredje leddet å godskrive tidlegare teneste som pensjonsgivande for ei verksemd som er blitt statleg, slik at arbeidstakarane ikkje skal få dårlegare tenestepensjon som følgje av at verksemda blir statleg. Pensjonsreservar knytta til tidlegare teneste blir ført over til staten.

       Proposisjonen viser til Ot.prp. nr. 55 (1992-1993) , jf Innst.O.nr.96 (1992-1993).

       Norsk Romsenter blei frå 1. januar 2004 omdanna frå ei stifting til eit statleg forvaltningsorgan, jf St.prp. nr. 51 (2002-2003) Virkemidler for et innovativt og nyskapende næringsliv og Innst.S.nr.283 (2002-2003).

       Dei tilsette blei då statlege tenestemenn etter lov om statens tenestemen m.m. § 1, med rett og plikt til medlemskap i Statens Pensjonskasse (SPK), jf pensjonslova § 5.

       Departementet gjer framlegg om at Stortinget gjer slikt vedtak:

       « I medhald av lov 28. juli 1949 om Statens Pensjonskasse § 20 tredje leddet blir det fastsett følgjande reglar om medrekning av tenestetid for tenestemenn i Norsk Romsenter:

1.Tenestemenn i Norsk Romsenter som blir medlemmer av Statens Pensjonskasse fordi dei har stillingar som gjer at dei blir overførte til staten, får tida før medlemskapen i Statens Pensjonskasse godskriven som pensjonsgivande tenestetid i Statens Pensjonskasse dersom dei har vore omfatta av ei kollektiv pensjonsforsikring i Storebrand. Det er ein føresetnad at premiereservane blir overførte til staten.
2.Dei tilsette som tidlegare har arbeidd ein annan stad, og der har vore medlem i ei anna pensjonsordning, får denne tida rekna med, dersom premiereserven frå den tidlegare pensjonsordninga er blitt overførd til Storebrand, eller det er avtalt at verdien av den fripolisen vedkommande har i andre ordningar, går til frådrag i utbetalinga frå Storebrand.
3.Går tenestemennene i Norsk Romsenter over frå deltidsstilling til større deltidsstilling eller til full stilling ved overgangen til statsteneste, kan pensjonsgrunnlaget reduserast i forhold til arbeidstida etter føresegnene i § 15 i pensjonslova.
4.I høve til føresegnene i pensjonslova inneber medrekninga at statstenestemenn ved Norsk Romsenter blir sett på som om han/ho har vore medlem av Statens Pensjonskasse i vedkommande tidsrom når det gjeld føresegn om opptaksreglar, berekning av pensjon med vidare.
5.Arbeids- og administrasjonsdepartementet kan så langt det trengst gi utfyllande føresegner for gjennomføring av ordninga ovanfor.»



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon