Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.239 (2003-2004)
Innstilling frå samferdselskomiteen om forslag fra stortingsrepresentantene Heidi Sørensen, Inga Marte Thorkildsen og Siri Hall Arnøy om likestilling i transportsektoren


oversikt første forrige neste

Merknader frå komiteen

       Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sigrun Eng, Bjørgulv Froyn, Oddbjørg Ausdal Starrfelt og Tor-Arne Strøm, frå Høgre, Anne Berit Andersen, Sverre J Hoddevik, Hans Gjeisar Kjæstad og leiaren Petter Løvik, frå Framstegspartiet, Thore Aksel Nistad og Kenneth Svendsen, frå Sosialistisk Venstreparti, Geir-Ketil Hansen og Heidi Sørensen, frå Kristeleg Folkeparti, Odd Holten og Jan Sahl, og frå Senterpartiet, Jorunn Ringstad, viser til fråsegn frå Samferdselsdepartementet ved statsråden datert 28. mai 2004 i saka. Fråsegna er lagt ved innstillinga.

       Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, seier seg samd i intensjonane i forslaget, og at det vil bli føreteke ein gjennomgang av transportpolitikkens betydning for likestilling mellom kjønn. Fleirtalet er samd i dette, men vil peika på at desse vurderingane må skje løpande.

       Fleirtalet vil utover dette vise til merknader og prioriteringar i samband med behandlinga av St.meld. nr. 24 (2003-2004) Nasjonal transportplan 2006-2015, jf Innst.S.nr.240 (2003-2004).

       Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til at samferdselspolitikken ikke bare skal legge kjønnsrollene til grunn ved sine prioriteringer. I samfunnet er det mange utfordringer blant annet å legge til rette for handikappede og barn. Disse medlemmer viser derfor til sine forslag og merknader i Innst.S.nr.240 (2003-2004) Nasjonal transportplan 2006-2015, hvor det er tatt hensyn til de forskjellige utfordringer befolkningen som helhet har.



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon