|
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sigrun Eng, Bjørgulv Froyn, Oddbjørg Ausdal Starrfelt og Tor-Arne Strøm, frå Høgre, Anne Berit Andersen, Sverre J Hoddevik, Hans Gjeisar Kjæstad og leiaren Petter Løvik, frå Framstegspartiet, Thore Aksel Nistad og Kenneth Svendsen, frå Sosialistisk Venstreparti, Geir-Ketil Hansen og Heidi Sørensen, frå Kristeleg Folkeparti, Odd Holten og Jan Sahl, og frå Senterpartiet, Jorunn Ringstad, vil vise til at Imarsundprosjektet er det første i sitt slag og må reknast som historisk. Det er første gang eit vegprosjekt blir finansiert ved hjelp av alternativ bruk av ferjesubsidiar. Det skal dessutan nyttast midlar som blir frigjorde gjennom innsparingar ved samanslåing av kommunane Aure og Tustna. Utan desse ulike bidraga ville prosjektet ikkje blitt realisert no.
Komiteen vil gi honnør til alle involverte partar for at ein har klart å finne fram til ordningar som er med på å realisere Imarsundprosjektet. Dei nye verkemidla som her blir tekne i bruk vil også kunne nyttast i arbeidet med å realisere eller framskunde andre vegprosjekt.
Komiteen ser positivt på at Imarsundprosjektet gjer det lettare og raskare å reise i regionen. Imarsundprosjektet vil vere eit viktig bidrag for å styrke verdiskapinga, sysselsettinga og busettinga i regionen.
Komiteen konstaterer at Regjeringa sitt forslag er i samsvar med ønska frå lokale styresmakter og at det er teke initiativ til ei toppfinansieringsordning som kan takast i bruk dersom det skulle bli behov for det.
Komiteen har merka seg at Regjeringa i
dette prosjektet meiner ein bør vurdere ei justering av den årlege
utbetalinga frå staten etter to til tre år slik at utbetalinga blir mest
mogleg i samsvar med den faktiske innsparinga. Komiteen ber om at
Regjeringa orienterer Stortinget på eigna måte før ei slik eventuell
justering blir gjort.
Fleirtalet i komiteen, alle unnateke
medlemene frå Framstegspartiet, vil på denne bakgrunn slutte seg til
Regjeringa sitt forslag for utbygging og finansiering av Imarsundprosjektet.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til at bilistene årlig betaler inn over 40 mrd. kroner i forskjellige bilrelaterte avgifter, mens det bevilges ca 12 mrd. kroner til investeringer og vedlikehold av de statlige vegene. Dette betyr at bilistene gjennom bevilgninger til vegnettet bare får tilbake ca en fjerdedel av hva de betaler inn i avgifter. Et prosjekt som er samfunnsøkonomisk lønnsomt bør etter disse medlemmers mening ikke finansieres med bompengeinnkreving, men med bevilgninger over statsbudsjettet. Imarsundprosjektet er et slikt prosjekt.
På denne bakgrunn fremmer disse
medlemmer følgende forslag:
« Stortinget ber Regjeringen komme
tilbake til Stortinget i forbindelse med statsbudsjettet for 2005 med
forslag om en bevilgning på 99,5 mill. kroner for fullfinansiering av
Imarsundprosjektet utan bompenge-innkreving. »