|
Helsedepartementet gjer i proposisjonen framlegg om endring av løyvingane for 2004 under kap. 2711 post 71 Refusjon psykologhjelp, under kap. 2755 post 62 Tilskot til fastlønnsordning fysioterapeutar og post 71 Refusjon fysioterapi og under kap. 732 Regionale helseføretak, postane 71-75. Auken på i alt 18 mill. kroner har samanheng med reviderte avtalar med Norsk Fysioterapeutforbund og Norsk Psykologforening om takstar og driftstilskot. Det er sett av reservar til dekking av meirutgiftene ved oppgjera under kap. 2309 Tilfeldige utgifter (Ymseposten). Denne løyvinga vil det seinare bli gjort framlegg om å setje ned.
I St.prp. nr. 63 (2003-2004) har Regjeringa gjort framlegg om at eigendelane skal aukast med 5 prosent frå 1. juli 2004, og refusjonsløyvingane blir foreslått sett ned tilsvarande. Endringane i honorartakstane som følgje av dei nye avtalane får difor full verknad i refusjonsutgiftene.
Da ordninga med driftstilskot for legar, fysioterapeutar og psykologar blei innførd i 1984, var føresetnaden at driftstilskotet skulle utgjere om lag 40 prosent av gjennomsnittleg omsetnad for dei ulike gruppene. For legespesialistar og psykologar har driftstilskotsdelen av finansieringa over tid blitt vesentleg lågare, og ved takstoppgjera i 2003 blei det avtala ei omfordeling frå takstar til driftstilskot for å auke prosentdelen noko. Ved handsaminga av St.meld. nr. 5 (2003-2004), jf Innst.S.nr.82 (2003-2004), har Stortinget slutta seg til at driftstilskotsdelen skal aukast til opp mot 40 prosent for dei to gruppene, og ved dette oppgjeret er det avtala ei ny omfordeling frå takstar til driftstilskot for psykologane. Som følgje av dette blir det gjort framlegg om å auke overføringane til dei regionale helseforetaka med 8,5 mill. kroner. Medrekna den nemnde omfordelinga blir den samla auken i løyvingane til trygderefusjonar 9,5 mill. kroner.
Forhandlingane mellom Den norske lægeforening, Kommunenes Sentralforbund, staten og dei regionale helseføretaka om basistilskot, driftstilskot og takstar for tidsrommet 1. juli 2003-30. juni 2004 er førebels ikkje avslutta. Spørsmålet om eventuelle meirutgifter for folketrygda som følgje av ein ny avtale frå 1. juli 2004 vil ikkje kunne leggjast fram for Stortinget til handsaming i vårsesjonen. Departementet bed difor om fullmakt til å gjere endringar i trygderefusjonane som følgje av den avtalen partane eventuelt kjem fram til. Den endelege løyvingssaka vil bli lagt fram for Stortinget seinare.
I forhandlingsmøte 25. mai 2004 blei Norsk Fysioterapeutforbund, Kommunenes Sentralforbund og staten samde om eit tilrådd framlegg til revidert avtale om driftstilskot og takstar for fysioterapeutar. Avtalen skal gjelde for tidsrommet 1. juli 2004-30. juni 2005. Avtalen føreset ei regulering av driftstilskotet med 4,5 prosent og av takstane med 1,7 prosent frå 1. juli 2004. Folketrygda skal som tidlegare setje av 1,5 prosent av utbetalte refusjonar til fond for etter- og vidareutdanning. Departementet tilrår at løyvinga for 2004 under kap. 2755 post 71 Refusjon fysioterapi blir auka med 14 mill. kroner.
Fastlønnstilskotet til kommunar med fysioterapeutstillingar var 134.300 kroner i 2003. Departementet tilrår at fastlønnstilskotet for 2004 blir fastsett til den same summen. Departementet tilrår at kap. 2755 post 62 Tilskot til fastlønnsordning fysioterapeutar blir auka med 4 mill. kroner.
I forhandlingsmøte 25. mai 2004 blei Norsk Psykologforening, staten og dei regionale helseføretaka samde om eit tilrådd framlegg til revidert avtale om driftstilskot og takstar for spesialistar i klinisk psykologi. Avtalen skal gjelde for tidsrommet 1. juli 2004-30. juni 2005. Avtalen føreset i utgangspunktet ei regulering av driftstilskot og avsetning til fondet for vidare- og etterutdanning med 3,4 prosent og om lag uendra takstnivå frå 1. juli 2004. I tillegg er det avtala ei omfordeling frå takstar til driftstilskot på 17 mill. kroner for avtaletidsrommet. Samla inneber dette at driftstilskotet blir auka med vel 18 prosent, eller om lag 21 mill. kroner på årsbasis. Departementet tilrår at kap. 2711 post 71 Refusjon psykologhjelp blir sett ned med 8,5 mill kroner. Til inndekking av meirutgiftene for dei regionale helseføretaka som følgje av den ekstraordinære auken i driftstilskota tilrår departementet at kap. 732 postane 71-75 blir auka med 8,5 mill. kroner for 2004.