|
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Berit Brørby, Kjell Engebretsen og Jørgen Kosmo, frå Høgre, André Oktay Dahl og Martin Engeset, frå Fremstegspartiet, Carl I Hagen og Henrik Rød, frå Sosialistisk Venstreparti, Siri Hall Arnøy og leiaren Ågot Valle, og frå Kristeleg Folkeparti, Modulf Aukan, viser til at etter Riksrevisjonen vil dei måla som vart sett for Handlingsplanen for eldreomsorgen 1998-2005 bli nådd på nasjonalt nivå. Komiteen har merka seg at Riksrevisjonen konkluderer med at dekningsgraden for sjukeheimsplassar, aldersheimsplassar og omsorgsbustader sett i høve til talet på eldre 80 år og over, ser ut til å auke i samsvar med målet. Prognosen for samla dekningsgrad av institusjonsplassar og omsorgsbustader er 32,5 pr. 100 innbyggjar over 80 år i 2005, mot 26,4 som var utgangspunktet i 1997. Kapasiteten er også auka gjennom at pleie- og omsorgstenestene i perioden er tilført over 12.000 nye årsverk. Delen av eineromsplassar vil vere 95 % i 2005, mot 83,1 % i 1997. Det inneber at eineromsreforma blir gjennomført slik at alle som ynskjer einerom, kan få tilbod om det slik handlingsplanen la opp til. Eit viktig mål var også å få opprusta og modernisert gamal og ikkje føremålstenleg bygningsmasse. Komiteen merkar seg at halvparten av alle sjukeheimane er nybygd eller fullrenovert i handlingsplanperioden.
Komiteen viser til at det har vorte gjennomført ei forskingsbasert evaluering av eldreplanen. Forskar Tor Inge Romøren, som har koordinert Norges forskningsråds evaluering av handlingsplana, skriv i sin rapport:
| « Handlingsplanen
for eldreomsorgen hadde som mål å styrke hjemmetjenestene, bygge ut omsorgsboligsektoren,
øke sykehjemskapasiteten og legge til rette for enerom i sykehjem for alle som
ønsker det. Alle disse målene ble nådd på nasjonalt nivå. Det er sjelden å se
en så stor grad av måloppnåelse i offentlig forvaltning. » |
Fleirtalet i komiteen, medlemene frå
Arbeidarpartiet, Høgre, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti,
er på bakgrunn av dette hovudsakleg nøgd med gjennomføringa av Handlingsplan
for eldreomsorgen.
Eit anna fleirtal, medlemene frå
Arbeidarpartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti, legg til grunn at låg
dekningsgrad og eventuell mangel på planar for utbygging av einerom i
enkelte kommunar, vil fylgjast opp etter 2005, jf varsla Stortingsmelding om
pleie- og omsorgstenester for framtida som kjem til Stortinget hausten 2005.
Komiteen meiner det er positivt at fleire andre grupper innanfor pleie- og omsorgssektoren har nytt godt av satsinga innanfor Handlingsplanen for eldreomsorgen. Komiteen ser det som ei styrke at ein kan sjå fleire handlingsplanar i ein heilskap og ein samanheng og såleis kan la dei samla ressursane vere til beste for alle brukargrupper.
Komiteen meiner at all pleie- og
omsorgsteneste må ta utgangspunkt i behovet til den enkelte brukar. Dette
var også utgangspunktet for utbygginga av plassar innanfor Handlingsplanen
for eldreomsorgen. Komiteen er likevel usikker på om dette kriteriet har
vore det utslagsgjevande når kommunane skulle ta stilling til kva buform dei
ville prioritere å byggje. Komiteen har merka seg at i berekninga av
dekningsgraden for tilbod tilrettelagt for heildøgns omsorg og pleie, inngår
omsorgsbustader på lik line med sjukeheimsplassar.
Fleirtalet i komiteen, medlemene frå
Arbeidarpartiet, Høgre, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkepart,
viser til at handlingsplanen i stor grad overlet til kommunane å velje om
dei ville satse på omsorgsbustadar eller sjukeheim, og at kommunane i stor
grad har valt ulikt.
Komiteen ser at tilskotsordninga i
handlingsplanen saman med vridingseffektar knytt til ulikt regelverk for
brukarbetaling, bustøtte og finansiering av legemidlar og hjelpemiddel i dei
to buformene, kan ha påverka omfanget av utbygginga av omsorgsbustader.
Komiteen meiner at det på bakgrunn av dette kan vere grunn til å stille
spørsmål ved om alle brukarar i omsorgsbustad får tilstrekkeleg pleie og
omsorg.
Fleirtalet i komiteen, medlemene frå
Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti, vil streke under at ein
relativt lite konkret definisjon av kva som er heildøgns pleie og omsorg,
gjer det vanskeleg å slå fast om målsettinga om dekningsgraden er nådd.
Eit anna fleirtal, medlemene frå
Arbeidarpartiet, Høgre, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti,
meiner at eldre og andre pleietrengande kan få god heildøgns pleie og omsorg
både på sjukeheim og i omsorgsbustad. Det avgjerande er at dei som bur der
får eit pleietilbod som er av stort nok omfang og av høg kvalitet.
Det er derfor, etter komiteen si
meining, tryggjande å lese i rapporten at berre eit fåtal av dei kommunane
som Riksrevisjonen intervjua, nytta omsorgsbustader til eldre som tidlegare
ville vore sjukeheimspasientar. Komiteen har likevel merka seg at
Helsetilsynet, etter tilbakemelding frå fylkeslegane, har registrert at det
ikkje har vore gjeve tilstrekkeleg hjelp i enkelte bustadtilbod, t.d. i
omsorgsbustader, og at dette er tatt opp med departementet. Komiteen vil
vise til at uavhengig av om brukaren bur i omsorgsbustad eller på sjukeheim,
så vil kvaliteten på pleietilbodet og høve til å yte heildøgns pleie og
omsorg avhengig av tilstrekkeleg og kvalifisert bemanning.
Fleirtalet i komiteen, medlemene frå
Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti, viser til at mange kommunar
har store vanskar med å klare å ha ei grunnbemanning i pleie- og
omsorgstenestene sine som sikrar kvalitativt gode tenester til alle som
treng det. Dette skuldast både dårleg kommuneøkonomi og vanskar med å
rekruttere og halde på godt kvalifiserte medarbeidarar. Det er også eit
stort problem, slik fleirtalet ser det, at den lave bemanninga fører til eit
relativt stort sjukefråvær i pleie- og omsorgssektoren. Dette er med på
ytterlegare å svekke kommunane sine føresetnader for å yte gode nok
tenester.
Medlemene i komiteen frå Høgre og
Kristeleg Folkeparti viser til Regjeringa sin rekrutteringsplan for helse-
og sosialpersonell som gjeld for perioden 2003-2006. Målsetjinga for planen
er betre kvalitet i pleie- og omsorgstenestene gjennom auka rekruttering av
stabil arbeidskraft med nødvendig kompetanse. Det vert tatt sikte på å auke
bruttotilgangen på hjelpepleiarar og omsorgsarbeidarar til eit nivå på om
lag 4.500 pr. år i planperioden, noko som inneber ein auke på 1.500
kandidatar i året. Vidare påpeiker desse medlemene at Regjeringa har
iverksett leiartreningsprogrammet « Flink med folk » for å auke kompetansen hjå
leiarar i pleie- og omsorgssektoren.
Komiteens medlemmer fra
Fremskrittspartiet viser til den lave bemanningsfaktoren som i mange norske
sykehjem fører til uverdige forhold for pasientene og uholdbare
arbeidsforhold for de tilsatte. Disse medlemmer vil også peke på
Dok.nr.8:92
(2002-2003) der forslagsstillerne peker på de uutnyttede ressurser som
finnes blant landets omsorgsarbeidere og de rapporter fra både Norsk
Sykepleierforbund og Statens helsetilsyn som har vist at forholdene i
omsorgssektoren ikke er tilfredsstillende.
Komiteen viser til Romøren (2003) som
signaliserer at presset på sjukeheimsplassar vil fortsetje. Komiteen viser
òg til at kommunane i større grad enn tidlegare er utsett for eit press frå
helseføretaka om å ta imot såkalla « utskrivingsklare » pasientar. Dette gjer
behovet for omfattande pleie- og omsorgstenester ytterlegare nødvendig i
tida framover. Komiteen er, gjennom arbeidet med
St.meld. nr. 45 (2002-2003) Betre kvalitet i dei kommunale pleie- og
omsorgstenestene (
Innst.S.nr.163
(2003-2004)), kjent med at departementet har sett ned eit utval
(Wisløff-utvalet) som skal foreslå tiltak som skal sikre betre samhandling
mellom helseføretaka og kommunehelsetenesta.
Medlemene i komiteen frå Sosialistisk
Venstreparti vil peike på at finansieringsordninga for
spesialisthelsetenesta gjennom det såkalla ISF-systemet som igjen er basert
på DRG-poeng, stimulerer til rask utskriving av pasientar frå sjukehus.
Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti, vil peike på at rask utskriving av pasientar frå sjukehus både kan vere uheldig for pasientane, skape såkalla « svingdørspasientar » og leggje eit sterkt press på kommunane for å ta imot pasientar som berre for få år sidan ville bli definerte som sjukehuspasientar.
Fleirtalet viser til at svært mange
kommunar verken har bemanning eller kompetanse til å gje desse pasientane
det som er naudsynt av behandling, pleie og omsorg. Det er difor all grunn
til å sjå nærare på om det bør gjerast endringar i regelverket for
utskriving av pasientar og finansieringssystemet som kan motvirke denne
utviklinga. Det er i særleg grad naudsynt, slik fleirtalet ser det, å
styrke legedekninga i kommunehelsetenesta og i dei ulike institusjonane i
kommunane der dei utskrivingsklare pasientane skal ha plass.
Komiteen viser til at fastlegeavtalane gjev kommunane heimel til å setje vilkår om at fastlegane skal delta i offentleg allmennmedisinsk arbeid, eksempelvis ved ein sjukeheim. Komiteen har merka seg at kommunane i liten grad har inngått avtalar om slikt offentleg legearbeid. Etter komiteen si vurdering bør kommunane i langt større grad nytte dei høva som ligg i fastlegeavtalane til å auke legedekninga ved sjukeheimar og omsorgsbustader.
Komiteen meiner at Handlingsplan for
eldreomsorgen 1998-2005 inneber eit omfattande løft for auka kapasitet og
betre bygningsmessig standard i eldreomsorga. Komiteen meiner det er
positivt at departementet har tatt fatt i mange av dei svake punkta som er
blitt påpeika undervegs.
Fleirtalet i komiteen, medlemene frå
Arbeidarpartiet, Høgre, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti,
viser til mellom anna at departementet vil ha nødvendig merksemd mot
tenestetilbodet til bebuarar i omsorgsbustader med omfattande behov for
pleie og omsorg, og at det har bedt fylkesmennene om å overvake den vidare
gjennomføringa av handlingsplanen.
Komiteen viser òg til St.meld. nr. 45 (2002-2003) Betre kvalitet i dei kommunale pleie og omsorgstenestene ( Innst.S.nr.163 (2003-2004)) som i større grad tek føre seg innhaldet i pleie- og omsorgstenestene. Komiteen har merka seg at fylgjande hovudpunkt skal danne grunnlag for forbetring av kvaliteten:
| - | Samarbeid med kommunane. |
| - | Styrkt leiing og betre organisering. |
| - | Tilfredsstillande rekruttering og betre kompetanse. |
| - | Større valfridom og styrkt rettstryggleik. |
| - | Betre tilsyn og kontroll. |
| - | Eit
enklare og betre regelverk. |
Fleirtalet i komiteen, medlemene frå
Arbeidarpartiet, Høgre, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti,
stiller seg positive til dei hovudpunkta som skal danne grunnlaget for
forbetringa av kvaliteten i
St.meld. nr. 45 (2002-2003) Betre kvalitet i dei kommunale pleie- og
omsorgstenestene.
Eit anna fleirtal, medlemene frå
Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti, vil likevel peike på ein
grunnleggjande mangel i Regjeringa si strategi slik den kjem til uttrykk i
meldinga. Det handlar om den manglande viljen til å erkjenne at dersom ein
skal nå målsettingane, må kommunane sin økonomi betrast monaleg i åra som
kjem.
Komiteen viser elles til sine respektive partiers framlegg og merknader i Innst.S.nr.163 (2003-2004).
Komiteen har òg merka seg at
Regjeringa arbeider vidare med å harmonisere regelverket for finansiering og
brukarbetaling i sjukeheim, omsorgsbustader og heimetenester, for å unngå
utilsikta vridingseffektar i valet mellom å byggje ut anten omsorgsbustader
eller sjukeheim. Som varsla av statsråden på høyringa 14. oktober 2004 vil
dette takast opp i ei Stortingsmelding hausten 2005 om pleie- og
omsorgstenester for framtida. Eit hovudmål med denne er å møte dei
langsiktige utfordringane, knytt til at det blir fleire eldre, på ein måte
som gjer at vi kan sikre eit godt pleie- og omsorgstilbod også i framtida.
Komiteen finn òg grunn til å nemne at Sosial- og helsedirektoratet, i
samarbeid med Statens helsetilsyn, har fått i oppdrag å utarbeide ein ny
samla kvalitetsstrategi for sosial- og helsetenestene for tiårsperioden fram
til 2013.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til kontrollhøringen i denne sak hvor det fremkom mange påstander om at handlingsplanens gjennomføring egentlig ble en boligreform mer enn en eldreomsorgsreform. Årsaken til en slik påstand er at det i hovedsak har vært en vekst i antallet omsorgsboliger og liten økning i antall sykehjemsplasser. Dette skyldes at det ikke har vært eller er noen entydig og klar definisjon for hva som er « tilbud tilrettelagt for heldøgns pleie og omsorg » idet rene omsorgsboliger av mange kommuner har vært tatt med i begrepet. Situasjonen for sykehjemsdekning er således nå langt fra tilfredsstillende etter planens gjennomføring.
Disse medlemmer vil påpeke at under høringen slo både Legeforeningens president Hans Kristian Bakke, Norsk Sykepleierforbunds leder Bente G. H. Slaatten og Nasjonalforeningen for folkehelsens overlege Sigurd Sparr, alarm over manglene i eldreomsorgen for de over 80 år i årene fremover. Hvis målsetningen om sykehjemsplasser for 25 % av de over 80 år skal nås, må det minst etableres 14.480 flere plasser innen 2005, 26.480 flere plasser innen 2030, og 41.730 innen 2050. Som følge av det økte antallet av eldre som rammes av demens og andre sykdommer, er situasjonen for de dårligste eldre i dag ikke særlig bedre enn før planen ble vedtatt. En viktig årsak er nettopp at det ble særlig bygget omsorgsboliger og ikke sykehjemsplasser som følge av en uklar definisjon av hva som skal til for å omfattes av begrepet « tilrettelegging for heldøgns pleie og omsorg ».
Disse medlemmer mener at denne
situasjonen, som kontrollhøringen avdekket, ikke kan forties og aksepteres.
Komiteens medlemmer fra
Fremskrittspartiet og Sosialistisk Venstreparti fremmer følgende forslag:
« Stortinget ber Regjeringen raskt sørge
for at det etableres en entydig og klar definisjon på hva som skal til for
at et tilbud kan regnes som heldøgns pleie- og omsorgstilbud. »
« Stortinget ber Regjeringen legge frem
en melding for Stortinget om hvorledes målet om at det skal være et tilbud
tilrettelagt for heldøgns pleie og omsorg for 25 % av befolkningen over 80
år i tiden frem til 2030, kan nås. »
Medlemene i komiteen frå Høgre og Kristeleg Folkeparti peikar på at Handlingsplana for eldreomsorga sette som mål at kommunar som søkte skulle gjevast høve til å byggje ut plassar på sjukeheimar, aldersheimar og omsorgsbustader for inntil 25 % av kommunen sine 80-åringar og eldre og at dette målet ser ut til å vere nådd:
| « Det er de nærmeste årene lagt til grunn et behov for plasser med heldøgns pleie og omsorg i egnet bolig tilsvarende om lag 25 % av befolkningen 80 år og eldre. Tallet på eldre over 80 år kan forventes å øke fra 176.000 i 1996 til over 200.000 i 2001. (...) Dette vil medføre økt behov for plasser med heldøgns pleie og omsorg i egnet bolig. Det vil være opp til den enkelte kommune å velge utformingen av tilbudet, som enten kan gis i lovregulert bolig etter kommunehelsetjensteloven (sykehjem e.l.) eller i form av omsorgsbolig tilknyttet heldøgns tjeneste fra hjemmetjenesten. » (Handlingsplan for eldreomsorgen, St.meld. nr. 50 (1996-1997), kapittel 6.2.) |
Desse medlemene viser til at dei framtidige utfordringane for pleie- og omsorgstenester i ei stadig meir aldrande befolkning vert tatt opp i den varsla Stortingsmeldinga hausten 2005.