|
Barne- og familiedepartementet legg fram endringsforslag på statsbudsjettet for 2004. Proposisjonen er delt opp i to delar; Det statlege barnevernet og Fylkesnemndene for sosiale saker.
I februar 2003 gjorde Stortinget eit samrøystes vedtak om at dei fylkeskommunale tenestene innanfor barnevern og familievern skulle bli overførte til statleg forvaltning. Staten overtok ansvaret for tenestene 1. januar i år, då Statens barnevern og familievern (SBF) vart oppretta.
I samband med Revidert nasjonalbudsjett for 2004 orienterte Regjeringa om at den om naudsynt ville komme tilbake til Stortinget med forslag om tilleggsløyving til barnevernet.
Overtakinga av ansvaret for barnevernstenestene har vore ei vidfemnande og krevjande reform. Å få til mindre vekst i kostnadane samstundes som ein skal styrka det faglege arbeidet er ei stor utfordring både for departementet og etaten. Endelege tal for utgiftene til det fylkeskommunale barnevernet viser ein høgare utgiftsvekst i 2003 enn det som blei lagt til grunn når budsjettet for 2004 blei utarbeidd.
Departementet gjer framlegg om å auka løyvinga under kap. 855 post 1 med 170 mill. kroner, kap. 855 post 70 med 70 mill. kroner og kap. 858 post 1 med 20 mill. kroner, totalt 260 mill. kroner.
Fylkesnemndene for sosiale saker er eit statleg, kollegialt og uavhengig forvaltningsorgan som behandlar og avgjer saker om tvangstiltak etter barnevernslova, sosialtenestelova og smittevernslova. Den klart største delen av saker er etter barnevernslova.
Det er vanskeleg på førehand å gi gode anslag for utviklinga i talet på saker i fylkesnemndene for sosiale saker. Budsjettframlegget for 2004 var basert på ei vidareføring av løyvinga for 2003. I ettertid har det vist seg at forbruket i 2003 vart større enn det som var lagt til grunn då budsjettet for 2004 vart lagt fram.
Auka i saksutgifter medfører eit meirbehov på 15,9 mill. kroner i 2004. I 2004 vil det være behov for 1,7 mill. kroner til nytt sakshandsamingssystem for fylkesnemndene. Barne- og familiedepartementet vil i 2004 omdisponere 6 mill. kroner frå kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet post 21 Spesielle driftsutgifter, til kap. 854, post 1 Driftsutgifter - Fylkesnemndene for sosiale saker for å dekke inn resterande meirutgifter.
Departementet gjer framlegg om å auka løyvinga under kap. 854 post 1 med 17,6 mill. kroner og redusere løyvinga under kap. 854 post 21 med 6 mill. kroner. Departementet gjer difor framlegg om tileggsløyving på 11,6 mill. kroner.