Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.46 (2004-2005)
Innstilling frå energi- og miljøkomiteen om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 137/2004 av 24. september 2004 om innlemming i EØS-avtala av eit fleirårig delprogram (COOPENER) under europaparlaments- og rådsvedtak nr. 1230/2003/EF om tiltak på energiområdet


oversikt første forrige neste

Samandrag

       Utanriksdepartementet foreslår i proposisjonen at Stortinget samtykkjer til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 137/2004 av 24. september 2004.

       COOPENER handlar om samarbeid mellom EU og utviklingsland om å fremje fornybare energikjelder og energieffektivitet. COOPENER er ein del av det fleirårige handlingsprogrammet « Intelligent energi for Europa » (2003-2006), som vart innlemma i EØS-avtala ved avgjerd i EØS-komiteen nr. 164/2003 av 7. november 2003.

       Norsk deltaking i COOPENER-programmet krev løyvingsvedtak over to år, jf § 26 andre leddet i Grunnlova.

       Programmet « Intelligent energi for Europa » (2003-2006) skal støtte ei berekraftig utvikling på energiområdet. Delprogrammet COOPENER gjeld støtte til initiativ som fremjer fornybare energikjelder og energieffektivitet i utviklingsland, særleg innanfor ramma av fellesskapssamarbeidet med utviklingsland i Afrika, Asia, Latin-Amerika og Stillehavsområdet. Aktivitetane under COOPENER vil fokusere på oppbygging og utvikling av lokal kompetanse i desse landa, med særleg vekt på forvaltinga på ulike styresmaktnivå. Siktemålet er å styrkje den evna landa har til å utvikle og gjennomføre konkrete prosjekt og tiltak, eventuelt i samarbeid med EU eller andre partnarar, som kan medverke til meir effektiv energibruk og auka bruk av fornybare energiressursar.

       Deltaking i delprogrammet gjer det mogleg for norske aktørar å søkje EU om støtte til prosjekt, seminar og andre tiltak som ligg innanfor rammene av programmet. For å få støtte må tiltaka ha deltaking frå minst to land i EØS-området. Programmet har difor ein viktig funksjon som brubyggjar for samarbeid og etablering av kontaktnett over landegrensene. Norske aktørar har viktig kompetanse på dette området. COOPENER vert i tillegg rekna for å vere i samsvar med norske prioriteringar om å fremje ein berekraftig energipolitikk for utviklingslanda.

       Tilskotet frå Noreg på om lag 1,8 mill. kroner, dvs. om lag 0,9 mill. kroner pr. år, vil verte finansiert over budsjettet til Olje- og energidepartementet (budsjettkapittel 1824, post 21).

       Deltaking i delprogrammet vil ikkje få nemnande administrative konsekvensar.

       Gjennomføring av avgjerda i EØS-komiteen gjer det ikkje naudsynt med lov- eller forskriftsendring.

       Avgjerd i EØS-komiteen nr. 137/2004 av 24. september 2004 og uoffisiell norsk omsetjing av europaparlaments- og rådsvedtak nr. 1230/2003/EF følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon