|
EU-programmet om tiltak for å fremje europeiske organ på ungdomsområdet vart formelt vedteke i EU 21. april 2004 ved europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 790/2004/EF . Programmet gjeld for tidsrommet 2004-2006.
EU har i mange år gjeve økonomisk støtte til verksemda til internasjonale ikkje-statlege barne- og ungdomsorganisasjonar og til Det europeiske ungdomsforumet.
I samforståing med Kommisjonen vil deltakinga for EØS-EFTA-statane først vere aktuelt frå og med 1. januar 2005. Dette føreset at EØS-komiteen gjer vedtak hausten 2004.
Programmet er todelt. Den eine delen gjeld tilskot til drift av verksemda til Det europeiske ungdomsforumet, der Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU) er med. Den andre delen omfattar tilskot til drift av verksemda til internasjonale ikkje-statlege barne- og ungdomsorganisasjonar og tilskot til prosjekt som desse organisasjonane set i verk.
Programmet opnar òg for å støtte tiltak som vert sette i verk gjennom eit samarbeid mellom nasjonale organisasjonar i minst åtte land. Gruppa av land kan omfatte både EU-medlemmer og andre land som har slutta seg til programmet. Mange norske frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar samarbeider med søsterorganisa-sjonar i andre europeiske land gjennom dei internasjonale paraplyorganisasjonane sine. Desse vil kunne nyte godt av støtta.
Det er lagt opp til at programmet om å fremje europeiske organ på ungdomsområdet skal takast inn i eit nytt generelt ungdomsprogram for perioden 2007-2013.
Ettersom den norske deltakinga i programmet inneber økonomiske plikter over to år, må Stortinget gje samtykke til deltaking i avgjerda i EØS-komiteen, jf § 26, andre leddet i Grunnlova.
Den finansielle ramma for dette treårige programmet er på 13 mill. euro, dvs. gjennomsnittleg 4,3 mill. euro per år.
Noreg sin del vil vere om lag 1,46 mill. kroner, dvs. om lag 730.000 kroner per år.
Tilskotet vert dekt innanfor budsjettet til Barne- og familiedepartementet. Kostnaden for 2005 er innarbeidd i St.prp. nr. 1 (2004-2005), budsjettkapittel 857, budsjettpost 79. Deltakinga i programmet har ingen administrative konsekvensar for Noreg.