|
I denne proposisjonen legg Regjeringa fram forslag om visse endringar i løyvingar i forsvarsbudsjettet for 2004 for å skape samsvar mellom løyvingane under dei einskilde kapitla og postane samt dei endringane i budsjettføresetnadene som har skjedd sidan forsvarsbudsjettet for 2004 vart utarbeidd.
Omgrupperingsproposisjonen formaliserer lønns-kompensasjonen for 2004, kompensasjon for innføring av el-avgift i 2004, nedtrekk i 2004 grunna overskridingar i 2003, innsparing i samla utgiftsramme, tilpassing av løyvinga i samsvar med endringar i føresetnadene, oppdatering og formalisering av inntekter samt formalisering av tekniske endringar mellom kapitla. Totalt sett utgjer omgrupperinga ein reduksjon i løyvinga til Forsvarsdepartementet på 52 mill. kroner.
Grunnlaget for omgrupperinga er
vedtatt budsjett for 2004, lagt til seinare endringar gjort av Stortinget,
fullmakter gitt av Stortinget til Finansdepartementet som ikkje kjem fram
som løyvingsendring under dei einskilde departementa og midlar ført over frå
2003. Det er òg tatt omsyn til forsvarssektorens del av lønnskompensasjonen
for 2004 (292,399 mill. kroner) samt forsvarssektorens del av kompensasjonen
til statlege verksemder som følgje av innføring av el-avgift (22 mill.
kroner).
Tabell 1.1 Faktisk løyving på utgiftssida, før omgruppering 2004, kjem fram slik (i 1.000 kroner):
| Vedtatt budsjett 2004 | 29.215.569 |
|---|
| Innsparing i departementa sine utgiftsrammer på 75 mill. kroner, fullmakt gitt av Stortinget til Finansdepartementet. Forsvarsdepartementet sin del utgjorde 20,227 mill. kroner, jf B.innst.S.nr.1 (2003-2004) | -20.227 |
| St.prp. nr. 73 (2003-2004) Om endringar i Regulativ for tillegg o.a. til utskrivne vernepliktige mannskap (« soldatproposisjonen »), jf Innst.S.nr.235 (2003-2004) | 23.433 |
| Innsparing i departementa sine utgiftsrammer på 58,5 mill. kroner, fullmakt gitt av Stortinget til Finansdepartementet i samband med St.prp. nr. 63 (2003-2004) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet medregnet folketrygden 2004, jf Innst.S.nr.250 (2003-2004). Forsvarsdepartementet sin del utgjorde 15,819 mill. kroner | -15.819 |
| Kompensasjonen til statlege verksemder som følgje av innføring av el-avgift (R-8/2004) | 22.000 |
| Lønnsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet | 292.399 |
| = Faktisk løyving før omgruppering | 29.517.355 |
| Midlar ført over frå 2003 | 404.823 |
| Disponible midlar i 2004 før omgrupperinga | 29.922.178 |
Tabell 1.2 Disponibel løyving på inntektssida før omgruppering 2004 kjem fram slik (i 1.000 kroner):
| Vedtatt budsjett 2004 | 694.388 |
|---|
| St.prp. nr. 63 (2003-2004) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet medregnet folketrygden 2004, jf Innst.S.nr.250 (2003-2004) | 165.000 |
| = Løyvingar før omgruppering | 859.388 |
Avslutninga av rekneskapen for 2003 synte eit meirforbruk/inntektssvikt under:
| 1. | Kap. 1710 Forsvarsbygg og nybygg og nyanlegg post 24 Driftsresultat, på 210,800 mill. kroner. Inntektssvikten var på 210,800 mill. kroner og vert dekt ved at ramma for 2004 vert foreslått redusert tilsvarande. Dette skuldast i hovudsak uteståande husleige for 2003 frå Forsvarets militære organisasjon. |
| 2. | Kap. 1733 Luftforsvaret post 1 Driftsutgifter, på 139,535 mill. kroner. Totalt meirforbruk var på 139,535 mill. kroner og vert dekt ved at ramma for 2004 vert foreslått redusert tilsvarande. Kap. 1733 Luftforsvaret hadde ei rekneskapsført overskriding på 139,5 mill. kroner i 2003. Justert for posteringar av teknisk karakter var reell overskriding ca 45 mill. kroner. |
| 3. | Kap. 1760 Nyskaffingar av materiell og nybygg og nyanlegg post 45 Større utstyrsskaffingar og vedlikehald, på 24,201 mill. kroner. Totalt meirforbruk var på 24,201 mill. kroner og vert dekt ved at ramma for 2004 vert foreslått redusert tilsvarande. |
I forhold til vedtatt budsjett for 2004 er det ei netto meirinntekt (brutto meirinntekter minus mindreinntekter) på 322,5 mill. kroner som er foreslått lagt til utgiftssida. Det vert i denne samanhengen vist til Forsvarsdepartementet sin merinntektsfullmakt i St.prp. nr. 1 (2003-2004) under romertalsvedtak II.
Departementet foreslår på denne
bakgrunnen, under forslag til vedtak, at utgiftsramma vert redusert med
52,036 mill. kroner og at inntektsramma vert auka med 322,5 mill. kroner.
Tabell 1.3 Løyvingsbehov på utgiftssida i samband med omgrupperingsproposisjonen vert slik (i 1.000 kroner):
| Nedtrekk grunna meirforbruk i 2003 | -374.536 |
| Auke på utgiftssida grunna meirinntekter førde til utgiftssida | 322.500 |
| = Sum behov ved omgrupperinga | -52.036 |
| + Løyvingar før omgrupperinga | 29.517.355 |
| = Samla løyvingar etter omgrupperinga | 29.465.319 |
| = Samla disponible løyvingar etter omgrupperinga | 29.870.142 |
Tabell 1.4 Løyvingsbehovet på inntektssida i samband med omgrupperingsproposisjonen vert slik (i 1.000 kroner):
| Løyvingar før omgrupperinga | 859.388 |
| Netto meirinntekter | 322.500 |
| = Løyvingar etter omgrupperinga | 1.181.888 |
Tala i tabellane nedanfor syner netto
endringar på dei ulike postane. Utgiftstabellen er inklusiv fordeling av
netto meirinntekter.
Tabell 1.5 Postfordeling utgifter (i 1.000 kroner)
| Post | Formål | Mindreutg. - Meirutg. + |
|---|
| 1 | Driftsutgifter | 45.509 |
| 21 | Spesielle driftsutgifter | 8.000 |
| 24 | Driftsresultat Forsvarsbygg | -10.800 |
| 43 | Til disposisjon for Forsvarsdepartementet | -20.000 |
| 45 | Store nyskaffingar | 46.797 |
| 47 | Nye bygg og anlegg | -83.181 |
| 48 | Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeid | -76.500 |
| 50 | Overføringar til statsinstitusjonar | 50.000 |
| 51 | Tilskot til Forsvarets forskingsinstitutt | 9.500 |
| 70 | Renter låneordning | -5.000 |
| 71 | Overføring til andre | -344 |
| 75 | Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeid | -50.000 |
| 78 | Noregs tilskot til NATO sitt driftsbudsjett | 35.000 |
| 90 | Lån til private | -1.017 |
| Sum | -52.036 |
Tabell 1.6 Postfordeling inntekter (i 1.000 kroner)
| Post | Formål | Mindreinnt.- Meirinnt. + |
|---|
| 1 | Driftsinntekter | 160.000 |
| 45 | Store nyskaffingar | 33.000 |
| 47 | Sal av eigedom | 175.000 |
| 48 | Fellesfinansierte byggje- og anleggsinntekter | -50.000 |
| 90 | Lån til bustadformål | 4.500 |
| Sum | 322.500 |