Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.63 (2004-2005)
Innstilling frå næringskomiteen om samtykke til ratifikasjon av avtale av 19. mai 2004 mellom Norge og Sverige om endring av protokoll av 25. mars 1981 om opprettelse av et fond for svensk-norsk industrielt samarbeid


oversikt første forrige neste

Samandrag

       Avtale mellom Noreg og Sverige om økonomisk samarbeid, med særleg vekt på energi- og industriområda, vart underteikna 25. mars 1981. Til avtalen vart det underteikna ein protokoll om opprettelse av Svensk-Norsk Industrifond (SNI). Den svenske staten skaut inn 200 mill. SEK i fondet, mens den norske skaut inn 50 mill. SEK.

       Konsulentselskapet KPMG utarbeidde etter oppdrag frå Nærings- og handelsdepartementet og Näringsdepartementet i Sverige ein evalueringsrapport om SNI i 2001, der det blei konkludert med at fondet måtte få tilført minst 200-300 mill. SEK for å kunne vidareføre si eksisterande finansieringsverksemd. Det var ikkje politisk ønskjeleg verken frå norsk eller svensk side å løyve slike summar. Saman med næringsminister Leif Pagrotzky sette nærings- og handelsminister Ansgar Gabrielsen difor ned ei arbeidsgruppe som skulle vurdere det framtidige arbeidsområdet til SNI.

       Arbeidsgruppa kom fram til at SNI bør avviklast, og at dei resterande midlane i stiftinga på om lag 50 mill. NOK bør overførast til eit felles program forvalta av Innovasjon Noreg og NUTEK.

       På denne bakgrunnen vart det forhandla fram ein avtale om endring av protokoll om opprettelse av et fond for svensk-norsk industrielt samarbeid. Avtalen inneber ei avvikling av SNI og oppretting av eit nytt program for vidare næringslivssamarbeid mellom Noreg og Sverige. Den vart underteikna i Stockholm 19. mai 2004.

       Avtalen følger som vedlegg til proposisjonen.

Økonomiske og administrative konsekvensar

       For å gjennomføre endringsavtalen og styrevedtaket i SNI, vert det gjort framlegg om budsjettvedtak knytta til kap. 2421 Innovasjon Norge post 53 (ny) Program for næringslivssamarbeid, fond og kap. 3900 Nærings- og handelsdepartementet post 72 (ny) Tilbakeføring av grunnkapital frå Svensk-Norsk Industrifond.

       Nærings- og handelsdepartementet tilrår at avtalen vert ratifisert. Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon