Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.73 (2004-2005)
Innstilling frå sosialkomiteen om endringar av løyvingar på statsbudsjettet medrekna folketrygda for 2004 under Arbeids- og sosialdepartementet


oversikt første forrige neste

Samandrag

       Arbeids- og sosialdepartementet legg i proposisjonen bl.a fram forslag om endringar av løyvingane under enkelte kapittel under programområde 9 Sosiale formål på statsbudsjettet, endringar av løyvingane under programområde 29 Sosiale formål, folketrygda, og inntektene under folketrygda for 2004.

       Departementet fremjar forslag om å auke løyvingane under utgiftskapitla under programområde 9 Sosiale formål med 27,2 mill. kroner og å setje ned løyvingane under programområde 29 Sosiale formål, folketrygda med 2.106,7 mill. kroner.

Forslag under dei enkelte kapitla

Kap. 643 Statens arbeidsmiljøinstitutt

       Det blir gjort framlegg om at kap. 643 post 21 Oppdrag gis stikkordet « kan overførast » i 2004.

Kap. 660 Krigspensjon

       Post 71 Tilskott, sivile, blir foreslått redusert med 21 mill. kroner.

Kap. 2603 Trygderetten (jf kap. 5702)

       På grunn av ein trykkfeil i Blå bok for 2004 gjer departementet framlegg om at Arbeids- og sosialdepartementets fullmakt i 2004 til å overskride løyvinga under kap. 2603 Trygderetten post 1 Driftsutgifter mot tilsvarande meirinntekter under kap. 5705 post 2 endrast til fullmakt til å overskride nemnte utgiftsløyving mot meirinntekter under kap. 5702 post 2.

Kap. 2650 Sjukepengar

       Post 70 Sjukepengar for arbeidstakarar blir foreslått redusert med 2.290 mill. kroner.

       Post 71 Sjukepengar for sjølvstendig næringsdrivande blir foreslått redusert med 205 mill. kroner.

       Post 72 Omsorgs- og pleiepengar ved sjukdom hos barn mv. blir foreslått redusert med 80 mill. kroner.

       Det blir foreslått at stikkordet « kan overførast » blir knytt til løyvingane under post 73 Tilretteleggingstilskott og post 74 Refusjon bedriftshelsetenester.

       Post 75 Feriepengar av sjukepengar blir foreslått redusert med 20 mill. kroner.

Kap. 2652 Medisinsk rehabilitering mv.

       Post 70 Rehabiliteringspengar blir foreslått auka med 473 mill. kroner.

       Post 71 Legeattestar mv. blir foreslått redusert med 55 mill. kroner til 245 mill. kroner.

Kap. 2655 Uføre

       Post 70 Grunnpensjon blir foreslått redusert med 83 mill. kroner.

       Post 71 Tilleggspensjon blir foreslått auka med 100 mill. kroner.

       Post 74 Tidsavgrensa uførestønad blir foreslått auka med 48 mill. kroner.

       Post 75 Ménerstatning ved yrkesskade blir foreslått redusert med 16 mill. kroner.

Kap. 2661 Grunn- og hjelpestønad, hjelpemiddel mv.

       Post 71 Hjelpestønad, overslagsløyving blir foreslått redusert med 41 mill. kroner.

       Post 73 Hjelpemiddel mv. under arbeid og utdanning blir foreslått auka med 7,3 mill. kroner.

       Post 74 Tilskott til bilar blir foreslått redusert med 200 mill. kroner.

       Post 75 Betring av funksjonsevna, hjelpemiddel blir foreslått auka med 39 mill. kroner.

       Post 78 Høyreapparat blir foreslått redusert med 7 mill. kroner.

Kap. 2670 Alderdom

       Post 70 Grunnpensjon blir foreslått auka med 116 mill. kroner.

       Post 71 Tilleggspensjon blir foreslått auka med 331 mill. kroner.

       Post 73 Særtillegg blir foreslått auka 33 mill. kroner.

Kap. 2680 Etterlatne

       Post 70 Grunnpensjon blir foreslått redusert med 10 mill. kroner.

       Post 71 Tilleggspensjon blir foreslått redusert med 10 mill. kroner.

Kap. 2683 Stønad til einsleg mor eller far

       Post 70 Overgangsstønad blir foreslått auka med 27 mill. kroner.

       Post 72 Stønad til barnetilsyn blir foreslått redusert med 50 mill. kroner.

       Post 73 Utdanningsstønad blir foreslått redusert med 16 mill. kroner.

       Post 76 Forskottering av underhaldsbidrag blir foreslått redusert med 215 mill. kroner.

Kap. 2686 Gravferdsstønad

       Post 70 Gravferdsstønad blir foreslått auka med 9 mill. kroner.

Kap. 2690 Diverse utgifter

       Post 77 Pasientar frå land med innbyrdes avtale blir foreslått auka med 8 mill. kroner.

Kap. 5701 Diverse inntekter

       Post 3 Hjelpemiddelsentralar mv. blir foreslått auka med 10 mill. kroner.

       Post 73 Refusjon bidragspliktige blir foreslått redusert med 35 mill. kroner.

       Post 74 Refusjon medisinsk behandling blir foreslått auka med 600.000 kroner.

       Post 75 Refusjon overskytande bidrag blir foreslått redusert med 11 mill. kroner.



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon